Hopp til innhold

– Det var eit makelaust spel i natt

Han har budd på Jan Mayen og vore ute mange nordlysnetter før. Men i natt opplevde Helge Steinar Marø (69) eit fargespel han aldri har sett før.

Det byrja ved midnatt. Eit fargespel utan like feia over nattehimmelen. Truleg kunne dei som var vakne i natt sjå dette spelet over store deler av det nordlege Europa.

Helge Steinar Marø

Helge Steinar Marø.

Foto: Privat

– Dette var litt av ei oppleving. Eg har sett mykje nordlys opp gjennom åra. Ikkje minst då eg budde på Jan Mayen. Men eit nordlys med ein slik intensitet og skifting av fargar har eg aldri sett før, seier Helge Steinar Marø.

– Har drøymt om dette i fire år

For nesten fire år sidan kom Ewa Piasecka til Noreg. Ho har busett seg på øya Longva i Møre og Romsdal. I natt var det ein draum som gjekk i oppfylling for henne.

 Ewa Piasecka

Ewa Piasecka kom til Noreg for nesten fire år sidan. No har ho fått sjå nordlyset.

Foto: Privat

– Eg har hatt ein draum om å få sjå nordlyset sidan eg kom til Noreg for nesten fire år sidan. Dette var første gongen eg fekk sjå det skikkeleg. Det var heilt fantastisk, det var heilt spesielt, seier Ewa Piasecka til NRK.

Nordlys på sørhimmelen

Helge Steinar Marø bur på Edøya i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Dette blir heilt ute på kysten, like nord for Kristiansund.

– Etter midnatt auka dette tøft på. Og høgdepunktet var nok mellom klokka tre og fire i natt. Og det spesielle var at vi kunne sjå nordlyset spele på sørhimmelen. Vi er jo vane til å sjå dette mot nord. Men i natt såg vi det over fjella i Aure og Tustna, over Kristiansund i sør. Det var eit makelaust spel, seier Marø.

– Det var så vakkert

Nordlyset utspelte seg i ein periode med svært godt ver i Sør-Noreg. Det er heilt klar himmel både om dagen og på nattes tid. I går var det 19 grader i Fiskåbygd og 18 grader på Svinøy fyr i Møre og Romsdal.

Anna Reistad

Meteorolog Anna Reistad var også heldig og fekk sjå nordlyset i natt. – Det var så vakkert, seier ho.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– I natt var eg så heldig at eg sto opp, og eg fekk sett nordlyset. Det var så veldig vakkert, seier meteorolog Anne Reistad til NRK Møre og Romsdal.

Trefte jorda klokka 22.00 i går

Lysshowet på himmelen er det andre på fire veker over Sør-Noreg. Det er stor eksplosjonsakvititet i eit område på sola. Og eit utbrot trefte jorda ganske nøyaktig klokka 22 i går kveld.

Knut-Jørgen røed Ødegaard

Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Eg såg live på nettstaden spaceweather at jorda blei treft ganske nøyaktig klokka 22 i går kveld. Det var ikkje så godt varsla. Vi visste godt at mars skulle bli treft i morgon. Men at jorda skulle hamne i ei grein av denne strålen visste vi ikkje, seier astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard.

– Følte eg sto rett under systemet

Helge Steinar Marø fortel at han fekk ei kjensle av at han sto midt under staden der nordlyset blei utløyst. Dette gjorde opplevinga i natt til noko heilt anna enn der du ser nordlyset i horisonten.

– Ved fleire av bileta har eg stått med kamera rett til vers. Det var nesten som om nordlyset hadde utspring i svarte hol rett over oss og strålte utover. Eg nærmar meg 70 år og har aldri sett noko liknande. Eg følte eg sto rett under systemet, og kunne fotografere rett til vers, seier han.

– Dette er temmeleg uvanleg

Astronom Knut Jørge Ødegaard seier det er uvanleg, men svært logisk at marø opplevde det slik at han sto midt under nordlysutbrota. For dette var eit kraftig utbrot.

– Vi snakkar denne gongen om eit krone-nordlys. Det er stor aktivitet på sola no. partiklar frå sola treff jordatmosfæren, og det utviklar seg nordlys i ein ring rundt den magnetiske Nordpolen. Denne gongen har det blitt ein vid sirkel, som er pressa langt sørover. Den er truleg blitt pressa så langt sør, at Marø på Smøla opplevde at han var rett over hovudet hans, seier Ødegaard.

Kor vanleg er dette?

– Dette er svært uvanleg. Eg har ikkje sett det så ofte i Sør-Noreg sjølv. Eg har sett det berre ein handfull gangar i Sør-Noreg, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard.