Hopp til innhold

Treng din hund slanking?

Stadig fleire hundar slit med overvekt. Løysinga kan vere å sende Fido på hundeslanking.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Ved Solhaug hundepensjonat i Skodje på Sunnmøre, får overvektige hundar hjelp til å nå matchvekta.

Flaut å vere tjukk

Egil Fjellheim ved Solhaug hundepensjonat

Egil Fjellheim ved Solhaug hundepensjonat hjelper overvektige hundar.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

– Det å ha ein overvektig hund er eit ømtåleleg tema. Mange nektar å innsjå at hunden er for tjukk, seier Egil Fjellheim, som driv hundepensjonatet.

Han opplever at hundeeigaren synest det er verre at hunden har problem med vekta, enn om han skulle vere aggressiv og ha åtferdsvanskar.

Kiloa rasar av

For å få bukt med fedmen, trengst det meir trim og mindre søtsaker. På hundepensjonatet får dei overvektige ein tilrettelagt diett og regelmessig turar.

– Det går ofte ikkje meir enn 1–3 veker før vektproblemet er borte, seier Fjellheim. Like viktig som å sette hunden på slankekur, er det å gi eigaren god opplæring.

Et for mykje

Også veterinær Torunn Hoff, ved Ålesund Dyreklinikk, ser at problemet med fedme blant hundar aukar.

– Det kan vere at hunden ikkje får så mykje mosjon den treng, eller det kan vere at den får for mykje mat. Eller ein kombinasjon av begge deler, seier Hoff.

Korleis finn du ut om hunden er overvektig?

– Du skal kjenne ribbeina på hunden, og gjer du ikkje det, er faren for at hunden er overvektig stor, seier Hoff. Er du usikker, bør du oppsøke ein veterinær.

Tøff slankekur

Feit hund

Mange hundar er overvektige, og må på slanking.

Foto: Mattew Beck / Scanpix/AP

Hoff trur det kan vere bra å få hjelp med hundeslankinga, fordi slankeprosessen er vanskeleg.

– Går du over til å gi hunden slankefôr, kan dette vere mindre spanande for hunden, fordi det inneheld mindre feitt, seier Hoff.

Dermed kan det vere utfordrande å få hunden til å ete dette fôret.

Men det er slett ikkje naudsynt å sende hunden bort, for å få bukt med dei ekstra kiloa. Pass på at hunden får rett mengde mat og rett mengde trim, ut ifrå rase, storleik og vekt.

Kontrollveging

– Når du har starta dietten, er det viktig å kontrollvege hunden din heime eller hos veterinær, for å sjå om det fungerer, seier Hoff.

Det er ikkje alle hundar det er like lett å slanke. Kastrerte hundar har spesielt lett for å legge på seg, fordi forbrenninga er dårlegare. Desse kan også ha vanskar for å gå ned i vekt. Hunden kan også ha problem med stoffskifte, og legg på seg av den grunn.

Laurdagssnop

– Mange trur at hunden har behov for laurdagsgodt, men det er berre tull. Faktisk har ikkje hunden det store behovet for variasjon i matvegen, seier Hoff.