Hopp til innhold

- Mange jegerar kan ikkje slakte

Slakting er ein viktig del av det å gå på jakt, men det viser seg at stadig færre kan dette. Resultatet er at mykje godt kjøt blir øydelagt.

Ola Ulset ØRE VILT

Ola Ulset på slakteriet Øre Vilt på Nordmøre får inn mykje hjort om dagen, men ikkje alt kjøtet er brukande etter dårleg handtering av jegerane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Høyr radioreportasjen her:

– Unge slurvar mest

På det vesle slakteriet Øre Vilt i hjortekommunen Gjemnes på Nordmøre er det full aktivitet om dagen. Spesielt etter helga er det pågang av folk som vil levere hjort.

– Kvaliteten på det vi får inn er variabel. Det er ein del uerfarne jegerar som heilt klart manglar slaktekunnskap, seier slaktaren Ola Ulset.

ØRE VILT

På Øre Vilt i Gjemnes er det hektisk aktivitet. Men dei må av og til avvise heile dyr fordi dei ikkje er handterte på rett måte etter felling.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Hygienekrava frå styresmaktene er stadig strengare. Alt hjorteviltkjøt som skal omsetjast må kontrollerast av veterinær eller ein feltkontrollør som har gått kurs.

Slaktar Ola Ulset vil ikkje fire på krava. Han takkar nei om ikkje slaktet er skikkeleg handtert.

– Det har vore tilfelle der vi har måtta avvise dyr. Det vil forureine anlegget om vi tek det inn. Vi skal vidareselde det til hotell og restaurantar, og då må det vere heilt reint, seier slaktaren.

LES OGSÅ:

Er uroa over kunnskapsmangelen

Erlend Ohren

Erlend Ohren er uroa over at fleire jegerar ikkje har nok kunnskap om slakting.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Erlend Ohren har fylt bukkekvoten si for i år. Han er ein erfaren jeger, som er opptatt av å behandle dyret som mat etter at det er felt. Han er uroa over at mange jegerar ikkje har lært dette.

– Ganske mange som går på jakt har tatt jegerprøven, leiger seg jakt på eit dyr eller to, og reiser ut på jakt for første gong. Dei kan vere flinke til å skyte, vere flinke med våpen og gode på tryggleik.

– Men den biten dei er minst fokuserte på i opplæringa til jegerprøva, er behandlinga av felt vilt, seier Ohren.

Bør kursast
RANDI STOKKE MED HJORT

Randi Stokke er ein erfaren jeger, som gjerne kunne tenke seg å ta slaktekurs sjølv om ho er oppvaksen med slakting på heimgarden.

Foto: Privat

Jeger Randi Stokke har vore med på slakting på garden heime sidan ho var lita jente. Det er langt frå alle jegerar som har hatt ein slik oppvekst, og Stokke meiner difor jegerane må kursast i slakting.

– Det er vel ein del som ikkje har fått dette inn med morsmjølka. Difor trur eg det hadde vore greitt å ha nokre kurs, seier ho.

Og Norges Jeger- og Fiskerforbund ser behovet for kursing av jegerane.

– Som jegerorganisasjon vil vi at jegerane skal vere best muleg rusta heile vegen. Sjølvsagt skal også slaktinga vere på plass, seier fylkessekretær i jeger- og fiskarforbundet i Møre og Romsdal, Roger Hustad.

– Vi har slakte- og parteringskurs og vi har gitt ut slakte-DVD-ar. Vi har tilboda, så er det opp til jegerane å melde si interesse, seier han.