Hopp til innhold

Yrkessjåførar fritt vilt - finst ingen skikkelege kvileplassar

Møre og Romsdal manglar eigne raste- og kvileplassar for større vogntog. Yrkessjåførane og organisasjonane sin langvarige kamp har ikkje nådd fram.

Lastebil

STÅR OFTE ULOVLEG: Lastebilsjåførar må ofte ta kviletida si på privat grunn eller parkere ulovleg for å kunne ta ein skikkeleg pause.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Yrkessjåførane føler seg som fritt vilt når dei tek pause, for det finst ikkje skikkelege kvileplassar for vogntogsjåførane. Over heile landet opplev yrkessjåførane å bli jaga vekk når dei tek pause i køyringa.

– Per dags dato er det aldeles uhaldbart. Det er veldig mange, særleg på det sentrale Austlandet, som set opp skilt med parkering forbode for trailerar, seier Sverre-Jan Rønneberg som er maskinentreprenør i Stranda.

Sverre Jan Rønneberg

FRITT VILT: Sverre-Jan Rønneberg fortel at sjåførar bryt køyre- og kviletida fordi dei vert jaga frå staden dei har stoppa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Står ulovleg for å følgje lova

Som medlem av forbundsstyret og lokallaget av Lastebileigarforbundet i Indre Storfjord er Rønneberg frustrert over eit vegnett som ikkje tek omsyn til at yrkessjåførar må kvile.

– I mange tilfelle så må me stå ulovleg, til dømes på busslommer, utan dei fasilitetane som ein sjåfør treng.

Risikerer bøter

– Viss du kjem til ein plass for å ta døgnkvilen din så har du ti timar der du må stå heilt i ro. Plutseleg så kjem det noko som seier at her får du ikkje så, dermed bryt du køyre- og kviletida.

Og bøtene er store for dei som bryt kviletida, seier Rønneberg.

– Viss du bommar med to-tre minutt på ein midtkvil på 45 minutt på dagen så er det fleire tusen i bot.

Avhengig av velvilje for å gå på do

Helge Drabløs

UTAN DO OG MAT: – Det verkar som om me er ei plage, seier Helge Drabløs.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Helge Drabløs i Sykkylven har kjørt stor bil i ein mannsalder. Som tillitsvald i Yrkestrafikforbundet ser han ingen snarlege ende på kampen om å få skikkelege rasteplassar og kvileplassar for dei store bilane.

– For å gå ein tur på vegne av naturen må me basere oss på velvilje frå private, og når me skal stoppe for å ta dei pålagde pausane våre må også det skje på privat grunn. Og på plassar det ikkje er korkje sanitærforhold eller mat å få kjøpt.

Drabløs fortel at rasteplassane til Statens vegvesen ofte ikkje er brøyta på vinteren og at det då vert det endå vanskelegare å finne ein stad der dei kan ta den pålagde kviletida seie.

– Korleis opplev de som har arbeidsplassar dykkar på vegen at de ikkje finn ein skikkeleg plass å kvile?

– Sjølv om me er heilt nødvendige for at samfunnet skal gå rundt, så verkar det som om me er ei plage. Det vert ikkje gjort noko for at me skal ha anstendige forhold når det gjeld dette med å stoppe og å gå på toalettet, seier Drabløs.

Knut Nauste

LEITAR ETTER PLASS: Avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen seier det er plass og ikkje pengar det står på.

Foto: Fjord1

Har ikkje funne rette plassen

Kravet er rasteplassar med tre til seks mils avstand på hovudfartsårene i Møre og Romsdal. Dessutan minst ein skikkeleg døgnplass sentralt i fylket med alle fasilitetar. Men trass gode planar er det ikkje bygd slika i fylket vårt.

Knut Nauste i Statens vegvesen i Møre og Romsdal forstår at sjåførane er utålmodige og seier det ikkje står på pengane men å finne dei rette plassane.

– Problemet er at det er ganske arealkrevjande og samstundes ønskjer me at det skal vere gode plassar. At det skal vere toalett og høve til å ete ein stad i nærleiken. Me har ikkje lukkast i å finna den rette staden endå, seier Nauste.

– Viss ein skal prioritera ein stad i fylket, kvar meiner de i Statens vegvesen at det er viktigast å få på plass ei skikkeleg rasteplass?

– Anten i Molde eller i Ålesund. Eg kan ikkje ta stilling til kvar det er viktigast. Me må nesten vere så pragmatisk som der me lukkast i å få til noko der byrjar me.

Størst håp har kanskje dei fleste til E39 ved Digernesskiftet i Skodje, eit område Wenaas-gruppa eig i dag.

– Neste år vert Digernesskiftet ferdig utbygd og det er eit sentralt punkt i fylket vårt. Eg ser det som aktuelt område å gå vidare på, seier Nauste.