Hopp til innhold

Aalesund møter Start i semifinalen

Aalesund møter Start i semifinalen i fotball NM.

Aalesund får heimekamp mot Start
Foto: NRK

AaFk får dermed heimekamp i semifinalen i fotball NM. Det er klart etter trekninga av dei to semifinalekampane onsdag kveld.

- Start får ein tøff motstandar, seier NRK sin fotballkommentator Arne Scheie.

I den andre semifinalen får Fredrikstad heimekamp mot Brann.

Kampane vert spelt 21. og 22. september og Fotballforbundet kjem torsdag med nøyaktig tidspunkt og rekkefølge for kampane.

Finalen vert spelt på Ullevål stadion 6. november.