Hopp til innhold

- Vi skal gje RBK knallhard kamp

Rosenborg må finne seg i å vere favorittar framfor kvartfinalen mot Aalesund laurdag. Rosenborg har stigande formkurve. Aalesund har det motsette. Men laget frå Sunnmøre har tenkt å bite frå seg.

Kjetil Rekdal

Trenar Kjetil Rekdal er heilt klar på at Aalesund skal by Rosenborg på ein knallhard kamp i kvartfinalen laurdag.

Foto: Frode Berg / NRK

Trenar Kjetil Rekdal og laget hans brukte fredagen til å finpusse forma framfor kvartfinalen laurdag. Rekdal har lagt stor vekt på å få opp overskotet og å prente ein aggressiv og konsentrert spelestil inn i spelarane sine. .

– Vi skal gje Rosenborg ein knallhard kamp. Klarer vi det er sjansen stor for at vi skal trekkje det lengste strået. Men vi må score meir mål enn vi har gjort i dei siste kampane. Gjer vi ikkje det, vinn vi ikkje kampar, seier trenar Kjetil Rekdal.

– Må score meir

Medan Rosenborg har gjort kraftige byks oppover på tabellen, har Aalesund sakka like mykje akterut. Scoringsforma til Aalesund har blitt svekka i serien. Men Rekdal bed oss sjå til Europaligaen som prov på at Aalesunds-spelarane framleis har scoringsteften intakt.

– Vi har tre 1-0-tap bak oss i serien. Men vi har scora bra med mål i Europaligaen. Det er jo ikkje slik at vi ikkje klarer å score mål. Eg er sikker på at vi scorar i morgon, og så får vi sjå om dette er nok til å slå Rosenborg, seier Rekdal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Berre artig å score mot Rosenborg

I troppen har Aalesund ein spelar med bakgrunn frå Rosenborg. Det er Kjell Rune Sellin. I fjorårssesongen var han leigd ut til Kongsvinger, og kom til Aalesund i vinter. Dei siste vekene har han vore ute med skade, men er no skadefri. Sjølv vil han gjerne vere med på å senke dei gamle lagkameratane sine.

Kjell Rune Sellin

Kjell Rune Sellin scorar meir enn gjerne mot dei gamle lagkameratane i Rosenborg.

Foto: Frode Berg / NRK

– Dette skal bli veldig artig. Eg er tilbake frå skade. Om eg slepp til, skal dette bli artig. Eg kjenner mange av gutane på Rosenborg-laget. No er eg Aalesund-spelar og det er slett ikkje noko svik å kunne setje inn ei scoring mot gamlelaget, seier Kjell Rune Sellin.

– Aggressiviteten skal opp

Aalesund har nesten ikkje vore til å kjenne att i dei siste kampane i eliteserien. På forsommaren spelte eit konsentrert og aggressivt Aalesunds-lag seg heilt opp i toppen av eliteserietabellen. Seinare på sommaren kan mykje av piffen sjå ut til å ha gått ut av laget.

– Vi var daue og tafatte i siste seriekampen mot Odd Grenland. Då skjønar du at meir aggressivitet har vore eit tema som vi har vore nøydde til å gjere noko med. Vi må ha ein viss entusiasme og aggressivitet i alle kampane for å kunne slå kven som helst i eliteserien, seier Rekdal.

Slik har Aalesund avansert i cupen

Aalesund i cupen 2011

Stranda -AaFK

0-8

Tornado Måløy - AaFK

0-5

Hødd - AaFK

1-2 e.e.o.

AaFK - Sarpsborg 08

3-0

Slik har Rosenborg avansert i cupen

Rosenborg cupen 2011

Alvdal - Rosenborg

0-7

Verdal - Rosenborg

0-5

Byåsen - Rosenborg

3-6

Rosenborg - Lillestrøm

2-2
RBK videre
straffekonk

– Spelarane har fått fri

Trenar Kjetil Rekdal har tidlegare antyda at laget hans har hatt vanskar med å takle spel både i eliteserien, cupen og Europaligaen. Dermed har jobben den siste veka også gått ut på å gje spelarane meir overskot.

– Vi har også sørga for å gje spelarane litt fri. Vi er den klubben som har hatt minst fridagar i løpet av sesongen. Men no skal vi klinke til og gjere så godt vi kan i morgon. Meir kan ingen krevje av oss.

– Greitt klima mellom laga

Etter kampen mellom Rosenborg og Molde har det hagla med skuldingar mot Rosenborg-kulturen. Også frå Aalesunds-miljøet har det kome kritikk mot Rosenborg, etter hands-mål og stygge tilrop frå tribunane.

Kenneth Kjelsnes

Kenneth Kjelsnes er leiar i supporterklubben Kjernen. Han trur på eit greitt klima mellom Aalesund og Rosenborg.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Forholdet vårt til Aalesund er noko heilt anna enn til Molde. Vi får neppe ein kamp med det same rivaliserande spenningsforholdet, seier talsperson for Rosenborg sin supporterklubb, Kjernen, Kenneth Kjelsnes.

Også leiar i Aalesund sin supporterklubb, Stormen, Tom Walderhaug, trur at det blir ei grei stemning mellom supporterane.

Tom Walderhaug

Tom Walderhaug er leiar i supporterklubben Stormen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Hendingane den siste veka har nok fyrt litt opp. Men det skal vere litt småfyring, på ein morosam måte, seier Tom Walderhaug.

Kjetil Rekdal er ein av dei som har reagert på måten Rosenborg har handtert situasjonen etter at Rosenborg fekk godkjent eit hands-mål i kampen mot Molde. Han trur likevel ikkje at dette smittar over på stemninga rundt kvartfinalen laurdag.

– Klimaet mellom Aalesund og Rosenborg blir nok bra. Vi skal ikkje overdramatisere ting som blir sagt. Rosenborg har sikkert teke inn over seg ein del ting som skjedde i kampen mot Molde, seier Kjetil Rekdal.