Hopp til innhold

Gentestar laks i Ørsta-elva

Miljøvernavdelinga i fylket vil genteste laks frå Ørsta-elva, for å få sikkert svar på om det er oppdrettslaks som har gått opp i elva eller ikkje.
 

Tidlegare er det teke skjelprøver av fisken, og desse viste berre mindre mengder oppdrettslaks i elva.

Miljøvernavdelinga viser til at slike sjelprøver ikkje er å stole på dersom laksen har rømt får oppdrettsanlegg som nyutsett smolt, og løyver 20.000 kroner for å få genteste laksen.

Siste tida har laksefiske i fleire elvar i vårt distrikt vore usedvanlg godt, og det er mistanke om at det kan vere mykje rømd oppdrettslaks i elvane.