Hopp til innhold

Problemfylt busstrafikk

Flaum og ras i Gudbrandsdalen skaper store problem for busstrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo.

 

Flom på Otta

Flaum på Otta.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Flaum og ras i Gudbrandsdalen skaper store problem for busstrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo.

Det er uklart om ettermiddags- og nattavgangane på Møreekspressen og Nordfordekspressen kan gå 1.pinsedag, melder NOR-WAY Bussekspress.

Det blir køyrt ein buss rundt omkjøringsvegane, og erfaringane frå denne bussen vil vere avgjerande for om det er praktisk muleg å kome over.

Nattbussen usikker

- Dagbussane frå Fosnavåg-Ulsteinvik-Ørsta-Volda via Stryn går berre til Otta, seier Øystein Haddal i Fjord 1 Buss Møre til NRK Møre og Romsdal.

Når det gjeld nattbussen vil det bli tatt ei vurdering klokka 15 søndag.

I togtrafikken er Raumabanen stengd mellom Bjorli og Dombås. NSB har sett inn bussar i staden for tog. Det er uvisst når banen kan opnast att.