Hopp til innhold

Hektisk natt i Sunndal

Vasstanden er på veg ned i Driva. Ordførar Ståle Refstie seier at det meste no er under kontroll, men det har vore ei hektisk natt i Sunndal.

Ståle Refstie

Ordfører Ståle Refstie (Ap) i Sunndal fortel at vatnet fløymde inn i kjellarar og over engar.

Foto: Roar Halten / NRK

Nedbør og snøsmelting skapte problem i går:

Frykt for at bru skulle bryte saman

På det meste passerte over tusen kubikkmeter i sekundet, og flaumen var større enn både 1995- og 2003-flaumen.

Det var frykt for at Hjelmobrua på Gjøra skulle bryte saman, men det vart lagt på ekstra stein for å hindre dette. Torske bru vart stengt, men den opna igjen laurdag klokk 11.30.

Akkurat no føler vi at vi har begynt å få ting under kontroll igjen. Elva har minka jamnt og trutt gjennom natta, seier ordføraren i Sunndal, Ståle Refstie (Ap) til NRK.

Ikkje store tap

Kommunen har vore i beredskap i heile natt, og folk frå kommunen har stått på for å berge bruer og hus frå dei enorme vassmengdene.

– Eg trur ikkje vatnet har ført til store materielle skader. Nokre kjellarar med vatn har det blitt, men eg trur flaumvernet har stått han av på hekta denne gongen her, seier Refstie.

Flom i Driva

Slik såg det ut på Gjøra i Sunndal fredag kveld.

Foto: Leif Kåre Gustavsen

Frustrerande

Refstie er glad for at dei slapp unna gårsdagen og natta med skrekken i Sunndal. Men han presiserer at sjølv om det gjekk relativt bra, har mange likevel fått problem på grunn av vatnet.

– Det er sjølvsagt svært frustrerande for alle dei som har fått vatn i kjellarane sine. Vatnet fløymde også over åkrar og engar og øydela avlingar, fortel ordføraren.

Han håper no at flaumfaren er over for denne gong.

– Det ser ikkje ut som det er meldt så mykje regn på Dovreplatået framover. Det er store nedbørsmengder der som fører til flaum her. Difor håper vi at vi får nokre rolege døgn framover, men vi følgjer med på situasjonen, slår Ståle Refstie fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL