Hopp til innhold

Studentar køyrde utfor vegen med vilje - ei kvinne vart skadd

Ei kvinne som studerer ved Høgskulen i Volda ligg på sjukehus etter ei utforkøyring på Vartdal i Ørsta i går kveld. Studentane køyrde utfor vegen med vilje.

Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda

Rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda seier studentane tok oppgåva litt for bokstaveleg.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Ulykka skal ha skjedd då studentane skulle gjere lydopptak til ein film.

Tok oppgåva bokstaveleg

Rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda opplyser at studentane studerer ved linja Media, IKT og design .

– Oppgåva var å gjere lydopptak av ein kollisjon, og så har dei tydelegvis gått mykje lenger enn det vi har gitt løyve til. Vi gir uansett ikkje oppgåver som kan setje studentane sine liv i fare.

Rektor trur ikkje studentane kan ha trudd at dei måtte kollidere for å få lyden.

– Det er jo mange måtar å lage lyd på uten å gjennomføre ei faktisk ulykke, slår Amdam fast.

– Stuntopptak er ikkje noko studentar bør eksperimentere med.

Rektor, Jørgen Amdam, ved Høgskulen i Volda

- Alvorleg

Trygve Ødegård

Operasjonsleiar, Trygve Ødegård, ved Sunnmøre politidistrikt seier dette er ei alvorleg sak.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet ser svært alvorleg på saka.

– Dei har brukt ein gammal og utrangert bil. Bilen var heller ikkje registrert, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Den skadde kvinna er i 20-åra frå Austlandet. Det var ho som køyrde bilen, og politiet har tatt frå henne førarkortet.

Saka blir etterforska av politiet i Volda og Ørsta.

LES OGSÅ:

Støttar studentane

Rektor Jørgen Amdam seier Høgskulen i Volda vil hjelpe og støtte den skadde kvinna og dei andre involverte.

– Dette er jo i prinsippet vaksne folk som vi ikkje kan instruere, så eg trur neppe vi kan kome med reaksjonar mot dei, seier han.

Amdam likar hendinga dårleg.

– Dette er ikkje ei særleg hyggeleg sak. Det er ikkje slik det er meininga å gjennomføre produksjonar.

– Stuntopptak er ikkje noko studentar bør eksperimentere med, avsluttar han.

Kvinna som vart skadd ligg framleis til observasjon på sjukehuset i Volda, men det ser ut til å gå bra med henne.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL