Hopp til innhold

Kvinneleg russ har anmeldt voldtekt

Ein kvinneleg russ skal ha blitt valdtatt i Ålesund i natt. Politiet vil ha tips frå publikum.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Jourhavende jurist ved Sunnmøre politidistrikt, Gudrun Kalvatn, stadfestar at jenta har meldt valdtekta til dei.

Skal ha skjedd på Tueneset

Russen i Ålesund var samla på Tueneset i går kveld og i natt. Det var på parkeringsplassen valdtekta skal ha skjedd.

- Vi veit ikkje om det er ein russ eller andre som har gjort dette. Vi har få signalement å gå etter, seier Kalvatn.

Les også:

Vil ha tips

Kalvatn seier at dei er interesserte i tips frå publikum.

– Politiet har fått få tips så langt. Om nokon sit på informasjon som kan ha betyding, oppfordrar vi dem til å ta kontakt, seier Kalvatn.

Torsdag ettermiddag dreiv politiet med teknisk sikring av bevis og vitneavhøyr.