Hopp til innhold

Eidsvåg møter storebror Molde

Det er cupfeber i Eidsvåg i Nesset. Søndag tar 3. divisjonslaget imot Molde. Kampen blir sendt direkte på nett-tv i NRK og blir hovudkamp på NRK1 søndag kveld.

Video Fotball NM: Eidsvåg - Molde

Fotball NM: Eidsvåg - Molde

Kampen mot nabo og storebror Molde er historisk for Eidsvåg.

Kvalifisert for første gang

Ola Einar Stolsmo, Jan Ståle Alme, Kjell Erik Hole

Frå venstre: Ola Einar Stolsmo, Jan Ståle Alme, Kjell Erik Hole gler seg stort til å ta imot nabo og storebror Molde søndag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Eidsvåg lagbilde

3. divisjonslaget til Eidsvåg har kvalifisert seg til 1. runde i cupen og møter Molde.

3. divisjonslaget har nemleg kvalifisert seg til 1. runde i cupen for første gang i historia.

- Kampen mot Molde er noko av det største som har skjedd i Eidsvågs fotballhistorie, seier Ole Einar Stolsmo.

Han har vakse opp i klubben, og er svært glad i Eidsvåg IL. No har han fått størsteparten av bygda med seg i entusiasmen.

– Eg har aldri opplevd at folk har engasjert seg så mykje. Dei som ikkje snakkar så mykje fotball til vanleg har begynt å snakke fotball dei også. Det er litt artig.

Høyr radioreportasjen om fotballfeber i Eidsvåg her:

- Blø for drakta

Moldespelarane jublar etter 3-0 scoringa

Molde i jubel etter skåring i eliteserien. Søndag møter dei 3. divisjonslaget Eidsvåg.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Sportsleg leiar i klubben, Jan Ståle Alme, er kjempeglad for at Eidsvåg er kvalifisert til å møte storebror MFK i cupen.

- Det er så stort for klubben, for spelarane og ikkje minst for kommunen. Dette er veldig viktig for omdømmet til Nesset.

- Kva taktikk legg de opp til?

– Å dø og blø for drakta. Det er rett og slett å gå på bana med senka skuldrar, og gi Molde kamp i kvart einaste sekund så langt det går.

Nesbø med Eidsvåg-lisens

Knut Nesbø

Knut Nesbø er både Molde- og Eidsvåg-patriot.

Foto: NRK

NRK-sportens Knut Nesbø har spelarlisens for Eidsvåg IL. Men Jan Ståle Alme er slett ikkje sikker på at han ville ha fått spele om han stilte til kampstart søndag.

– Jaja, om det var 0-0 etter 90 minutt og vi fekk straffe, så veit eg ikkje kven som skulle tore å ta den, om ikkje han.

Knut Nesbø melde seg inn i klubben i fjor, i det han sjølv kallar den største overgangen i romsdalsfotballen etter Mame Biram Diouf som gjekk til Manchester United.

– No vart det ikkje speling på meg i fjor, men i påska fekk eg med meg ein omgang for andrelaget til Eidsvåg. Det var ei stor fotballoppleving, seier Knut Nesbø.

– Eit dilemma for deg. Molde eller Eidsvåg vidare i cupen?

Dersom Eidsvåg slår Molde, ja så kan det vere det same.

Kampen mellom Eidsvåg og Molde blir hovudkamp i cupmagasinet "Vegen til Ullevål" på NRK1 søndag kveld klokka 22.45. Og han blir sendt direkte på NRKs nett-tv.