23.02.2012

- Kjekt med ei aktiv bygd

Medlem Stordal IL (Foto: Markus Plementas/NRK)

FORNØGD: Petter Løset Skodjereite, Ingrid Busengdal og Martine Lorgen Øvrebust er alle medlem av Stordal IL. Dei er godt fornøgd med idrettslaget sitt.

Foto: Markus Plementas/NRK

Nesten halvparten av kommunen sine innbyggjarar er medlem i Stordal idrettslag.

- Her er veldig godt miljø og mange som liker å trene. Det er kjekkare når det er ei aktiv bygd, smiler Martine Lorgen Øvrebust (14) som driv med langrenn.

Både ho og Petter Løset Skodjereite (12), som er aktiv hoppar, er godt fornøgd med å vere medlem i Stordal idrettslag.

- Her er eit godt idrettsmiljø, fine forhold, mykje snø og gode trenarar, fortel Løset.

«Stordal er eitt av dei beste idrettslaga for unge her i fylket.»

Harald Mowinckel, administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrets

Harald Mowinckel, administrasjonssjef i Møre of Romsdal skikrets, meiner dette er nokre av årsakane til at Stordal idrettslag er eitt av dei beste idrettslaga for unge her i fylket.

- Dei har eit velorganisert klubbmiljø, allsidig interesegrupperingar innan skimiljøet og satsar godt på trenarutdanning i klubben. I tillegg har dei gode arenaer og eit velfungerande arrangørkorps, legg Mowinckel til.


Svært mange unge gjer det godt i vinteridrett i Stordal IL. Reporter Markus Plementas reiste til kommunen for å finne hemmeligheita bak eit av Møre og Romsdal sine aller beste idrettslag.




Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Svært mange unge gjer det godt i vinteridrett i Stordal IL. Reporter Markus Plementas reiste til kommunen for å finne hemmeligheita bak eit av Møre og Romsdal sine aller beste idrettslag.