Hopp til innhold

Seks av 24 juksa på innlevering

- Det er tydeleg at det er noko dei ikkje har fått med seg, seier assisterande rektor Tor Dyrset.

Fagerlia vidaregåande skule

FYRSTEKLASSINGAR JUKSA: I ei fyrsteklasse på Fagerlia vidaregåande leverte seks av 24 elevar inn tekst som var kopiert.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

- Både når det gjeld ordensreglane og det reint faglege. Dei vel lettvinte løysingar, og tenkjer at dei skal kome unna med det, seier Dyrset.

  • I januar vart 10 av 30 elevar i ein andreklasse på Ringerike videregående skole tekne i juks. Rektor tok då til orde for å fjerne PCane under prøver .

No håper han at elevane forstår at denne typen innleveringar ikkje går an. Heile seks elevar i same klasse leverte nemleg inn for like svar på ei heimeoppgåve i norsk.

Rutinane fungerte

No risikerer dei nedsett åtferdskarakter og manglande vurdering i faget. Rektoren seier rutinane fungerte denne gongen. Når dei får inn oppgaver køyrer dei det gjennom eit system som samanliknar det med tidlegare innleverte svar.

- Over 90 prosent likt

- Nokre av dei som vart innleverte her var over 90 prosent likt ein eksisterande tekst, seier Dyrset.

- Det er alvorleg at elevar prøver å levere inn arbeid som ikkje er deira eige produkt. Det kan gå ut over karakterane deira. Gjer dei slikt til eksamen vil det få større konsekvensar, og dei vil ikkje få vitnemål.