Hopp til innhold

Lite opne for utanlandske studentar

Utanlandske studentar føler seg einsame i møtet med Noreg.

Video Utanlandske studentar einsame

DÅRLEG MOTTEKNE: Dei utanlandske studentane i Noreg blir dårleg mottekne. Sjå fjernsynsinnslaget her.

Doris Noibalema

- VELDIG KALDT: - Det seier Doris Noibalema frå Tanzania.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda

UTANLANDSKE RYTMER: Afrikansk dans høyrer heime på Internasjonal dag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Alexa-Kristin Camire

- INTERESSERTE FYRST: Men interessen dabbar fort av, meiner Alexa-Kristin Camire.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Cecilie Wilhelmsen

SER PROBLEMET: Internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen er klar over at problemet eksisterer.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Møtet med Noreg er tøft på mange måtar for dei 15 000 utlendingane som studerer her i landet.

- Det er vinter, mykje snø og veldig kaldt, seier Doris Noibalema frå Tanzania. Ho studerer ved Høgskulen i Volda, der det denne veka vart arrangert Internasjonal dag.

Der var det høgare temperatur, og god stemning. Men dei norske studentane er ofte veldig tilbakehaldne når det handlar om å bli kjent med utlendingar.

Dannar klikkar

- Dei kan verke veldig interesserte i starten, men så dabbar det av, seier Alexa-Kristin Camire.

- Etter berre nokre få veker er du veldig oppteken av ditt eige studie, og di eiga gruppe, fortel den norske studenten.

Talet på utanlandske studentar er dobla på ti år. Men utlendingane held seg saman med andre utlendingar, og det dannar seg klikkar.

- Eg ser det, og eg spør ofte kva dei norske studentane ville ynskt når dei kjem ut, seier Cecilie Wilhelmsen. Som internasjonal koordinator ved høgskulen har ho kontakt både med studentane som kjem inn, og studentar som reiser ut.

- Vil dei at dei andre studentane skal gå i ring rundt dei? Nei, dei vil ha eit klapp på skuldra og bli tekne med, seier Wilhelmsen.

- Vil bli inkluderte

- Nordmenn treng berre litt tid for å bli kjent med folk, men då opnar dørene seg for oss, seier Mohammed Belmaachi. Han er leiar for det internasjonale senteret "World Friends" i Ålesund.

Du kan sjå intervjuet med Belmaachi i videoen nederst i artikkelen.

Flavja Maca

- SEIER BERRE HEI: Norske studentar er ikkje interesserte i å prate, meiner albanske Flavja Maca.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

18 år gamle Flavja Maca kjem frå eit land med arbeidsløyse og kriminalitet. Mediestudenten frå Albania er skuffa over at nordmennene ikkje er meir imøtekomande.

- Ikkje bra

- Dei seier berre hei, men ikkje noko meir. Dei vil ikkje prate, eller gå å drikke noko, seier ho.

Høgskulen i Volda har 140 utanlandske studentar, og å knyte dei norske og utanlandske studentane saman er ei utfordring.

- Det er ikkje bra, seier Stine Kyrkjebø Johansen.

- Ver meir opne

- Me er kanskje litt for opptekne av oss sjølve, trur ho.

Den albanske studenten skal vere i Volda i fire år, men føler seg litt einsam. Ho er spesielt oppgitt over gutane. Men Høgskulen i Volda ønsker å framstå som ein internasjonal skule.

- Norske studentar er flotte, men i møte med dei utanlandske så kan dei godt vere mykje meir opne, rause og inkluderande, seier Cecilie Wilhelmsen.

Video Mohammed Belmaachi i NRK MR

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL