Hopp til innhold

- Ikkje gi hostesaft til småbarn

For hostesafta kan ha større biverknader enn effekt, meiner apotek og legar.

Hostesaft

IKKJE FOR DEI MINSTE: Hostesafta er ikkje for dei minste, meiner både Legemiddelverket og apotek.

Foto: Hallvard Mørk Tvete / NRK

Steinar Madsen i Legemiddelverket

- BERRE DYRT VATN: Seier Steinar Madsen i Statens Legemiddelverk om hostesaft.

Foto: NRK

- Mange hostesafter er eigentleg berre dyrt vatn, seier Steinar Madsen i Statens Legemiddelverk.

- Det anbefalar me sjeldan til småbarnsforeldre, seier farmasøyt Tone Merete Dyrhaug.

- Liten positiv verknad

Legar og farmasøytar er altså einige. Du kan bytte ut den reseptfri hostesafta med vanleg saft utan at det er nokon skilnad.

Det meiner overlege Steinar Madsen i Statens Legemiddelverk at småbarnsforeldre burde gjere.

- Det viser seg at hostesafter har veldig liten positiv verknad hos barn. Samstundes kan det gi biverknader. Det kan faktisk gjere meir skade enn nytte, seier han.

Frårår hostesaft til dei minste

På eit apotek i Ålesund står hostesafta Solvipect. På flaska står det at born heilt ned i spedbarnsalder kan bruke medisinen.

Farmasøyt Tone Merete Dyrhaug fortel at dei er forsiktige med å råde foreldre til å kjøpe slik medisin.

Saka held fram under bildet.

Bente Brekke

- GIR IKKJE HOSTESAFT TIL MINE BARN: Det seier farmasøyt Bente Brekke. Høyr meir om hennar råd i lydsaka i artikkelen.

Foto: Frieda Wik / NRK

MYKJE BRUKT HJELPEMIDDEL: Men hostesafta bør ikkje brukast på spedbarn. Reporter i innslaget er Frieda Wik.

- Gamal vane

- Ikkje til born under eitt år. Når dei er så små og det er ein kraftig hoste bør dei uansett kontakte lege.

Opptil 80.000 nordmenn drikk hostesaft kvar dag. Madsen meiner me truleg ikke blir meir friske av det.

- Dette er gamal vane, rett og slett. Dette er legemiddel som har vore på marknaden i 50 til 100 år. Solipect er ei hostesaft som ikkje gjer anna enn å smake litt godt. Den har ingen dokumentert effekt, seier Madsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL