Hopp til innhold

Uroa for ambulanse-tenesta

– Helse Midt-Norge bør ikkje overta drifta av ambulansane, meiner fylkesvaraordførar Svein Roseth.

Ambulanse

Kanskje vert det ikkje lenger private drivarar som

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

Helse Midt-Norge skal i løpet av våren ta stilling til om private drivarar skal halde fram eller om helseføretaket skal overta drifta av ambulansane.

– Fungerer godt no

– Ikkje øydelegg noko som fungerer, er rådet frå fylkesvaraordførar Svein Roseth frå KrF som er medlem av redaksjonsutvalet til fylkesårsmøtet i KS som startar fredag.

– Vi har veldig gode erfaringar med drivarane som er no, og det var uro rundt ambulanseordninga då vi inngjekk desse avtale i 2007. Det er svært få klager frå brukarane, dei private driv godt og rapportane frå Helse-Midt viser at ordninga er vellukka. Då meiner eg at det ikkje er noko poeng å skape uro igjen, men å heller ta saka opp igjen når den er moden for revisjon, legg han til.

Svein Roseth

Fylkesvaraordførar Svein Roseth vil ikkje ha ei endring i ambulansetenesta no.

Foto: Trond Vestre / NRK

Større miljø

– Kva er det du trur vil skje om Helse Midt-Norge tek over drifta sjølv då?

– Eg trur dei kan levere ei fagleg god teneste, men spørsmålet er om det vil kome ei sentralisering av ambulansane for å få større miljø. Då kan det verte ein del kommunar og bygdesamfunn som kan miste ambulansen sin. Det er ei følsam sak, seier Roseth.

Fryktar nytt rot

– Frykter de nytt rot om Helse Midt-Norge tek over?

– Eg er redd for at det vil kjennes slik ut om saka kjem opp att på nytt. Eg trur ikkje det er gunstig om vi får ein ny og uroleg debatt om ordninga no, påpeikar fylkesvaraordføraren.