Hopp til innhold

Saltkrisa avblåst

Vegvesenet avlyser den varsla saltkrisa. Det blir likevel nok vegsalt i Møre og Romsdal, om ikkje resten av vinteren skulle bli ekstrem.

Salting av vei
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Før helga melde saltleverandøren GC Rieber at dei ikkje hadde meir salt å levere til Mesta. Fiskeindustrien ville bli prioritert om dei fikk inn meir salt.

Men no ser det altså ut til at det blir nok salt å bruke på vegnettet som Statens vegvesen har ansvar for.

Situasjonen på Sunnmøre var mest usikker, men Ivar Hoel i Statens vegvesen meiner dei skal ha nok.

- Eg har akkurat snakka med Mesta som seier dei har 1.800 tonn salt på lager på Sunnmøre, og då ser det ut som det skal gå bra framover. Situasjonen er omlag den same for resten av fylket også.

Kamp om vegsaltet

Sjøvatn mot svevestøv

Halvhjerta salting farlegast

Uansett er det ikkje snakk om å spare på bruken av salt.

Ivar Hol, Statens vegvesen
Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Det farleagaste vi kan gjere er å salte halvhjerta. Når vi saltar må vi bruke rett mengde. Det er gale å salte for mykje, men det er veldig farleg å salte for lite, for då kan vi gjere forholda værre enn dei er, seier Ivar Hol.

Mildværet gjer at dei fleste hovedvegane etterkvart blir berre, men mange irriterar seg over vegar med mykje is og djupe spor - og er det for dårleg skrapa, Ivar Hol.

- Det kunne sikkert ha vore skrapa betre, men vi skal vere klar over at tilhøva er svært vanskelege. Det er mykje kulde i botnen slik at det sjølv med plussgrader og litt regn så frys det på.

- Det blir på ein måte som underkjølt regn med is som er heilt fastfrosen i vegen. Likevel er mange av hovedvegane no blitt bra medan det på sekundærvegnettet står mykje att som skulle ha vore betre, seier Hol.