Hopp til innhold

Stor trimsatsing gir betre humør og helse

Folk som bur på institusjon blir ofte sitande i ro, eller liggande til sengs. Men ved Myrvåg omsorgssenter i Herøy ser dei gode resultat av ei heilt spesiell nysatsing.

Video Eldretrim

– Det er verst med det same, fortel Jørgine Arhaug ved Myrvåg omsorgssenter.

Berit Aasen Akogyeram

Avdelingsleiar ved Myrvåg omsorgssenter, Berit Aasen Akogyeram, seier trimmen verkar inspirerande på dei eldre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Djupvikvatnet

Ved omsorgsenteret heng dei opp bilete av Djupvikvatnet, eit lokalt turmål. Bileta skiftar dei ut frå dag til dag. Slik får bebuarane eit lite innblikk i den flotte naturen sjølv om dei ikkje kjem seg så ofte ut lengre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen
Oddny Rabben

Oddny Rabben likar det nye aktivitetsprogrammet dei har fått ved omsorgssenteret.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Men ho vil vere med å gå. Etter at dei kom i gang med trimprogrammet som dei kallar "Åtte på topp" er det blitt mykje meir fysisk aktivitet ved Myrvåg omsorgssenter i Herøy.

– Det gjer godt i både føter og rygg, legg ho til.

Inspirert av turprogrammet

Sunnmørsnaturen byr på mange mulegheiter for fine fjellturar. I Herøy blir det lokka med premiar til folk som tek ti toppturar i året.

Inspirert av fjelltur-programmet set personalggruppa opp mål for vandringane i gangane på omsorgssentret.

Vel framme gir turgåarane seg sjølve eit klipp med same type klype som fjellfolket brukar. Men premie i form av handfaste ting vankar ikkje.

– Det får ikkje vi nei. Det er vi som får premien for å verte flinke å gå og så får vi god helse, smiler Oddny Rabben.

Pålagde å leggje til rette

Kommunen, og med det sjukeheimen, er pålagt eit ansvar for at kvar og ein får dagleg fysisk aktivitet.

– I omsorgsplanen for 2015 står det at vi skal leggje til rette for fysisk aktivitet under føresetnad at det er tilpassa kvar enkelt sitt behov og ønskjer. Med "Åtte på topp" kan kvar enkelt velje sjølv om dei vil gå langt eller om dei vil gå kort. På den måten får dei den daglege fysiske aktiviteten dei treng, fortel Berit Aasen Akogyeram som er avdelingsleiar ved Myrvåg omsorgssenter.

Frå den eine enden til den andre går dei. Gjerne fleire gonger per dag. Og den eldste som er med på tur er 102 år.

Innimellom kjem fysoterapeuten og trenar pasientar. Han er ikkje i tvil om helsegevinsten av at dei gamle brukar beina.

– For det første verte ein sterkare så ein klarer å røyse seg lettare og gå lettare. Dermed klarer ein å stelle seg sjølv lettare òg. Eg tvilar ikkje på at ein vert i betre humør av den fysiske aktiviteten også, seier fysioterapeut Øystein Nerland.

Etter ein lengre tur som dei no har gått kan dei tilfreds med seg sjølve sette seg ned.

– Eg anbefalar alle sjukeheimar å starte opp med dette. Det er veldig kjekt, stadfestar Oddny Rabben som skal gå nok ei runde denne dagen før middagen vert servert.