Hopp til innhold

Mann innlagt med svineinfluensa

Ein mann i 50-åra er lagt inn på sjukehus i Molde med svineinfluensa. Dette er det første svineinfluensa-tilfellet som har ført til sjukehusinnlegging på Nordmøre og i Romsdal denne influensasesongen.

Molde sjukehus

Mannen i 50-åra er lagd inn på sjukehus her i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Mannen blei lagt inn på sjukehuset med ein annan diagnose. Men undersøkingane viste at mannen også var smitta med svineinfluensa.

Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund er informasjonssjef ved Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

– Situasjonen for mannen er alvorleg, men stabil, seier informasjonssjef i Helse Nordmøre og Romsdal, Arnt Sommerlund, til NRK.

5 tilfelle i Noreg

Det er berre eit fåtal tilfelle med svineinfluensa som har ført til sjukehusinnlegging i Noreg så langt denne influensasesongen. Tala som Folkehelse-instituttet opererer med blei oppdatert onsdag 5. januar. Det var då registrert 4 pasientar med svineinfluensa på norske sjukehus. No har Molde-tilfellet kome i tillegg. Det kan vere fleire tilfelle, og ny oppdatert statistikk for heile Noreg kjem onsdag 12. januar.

– Det er ei klar auke auke av pasientar med influensaliknande sjukdom ved landets legekontor. Størst auke er det i dei sørlege fylka. Midt-Noreg har minst auke, seier assisterande divisjonsdirektør Preben Aavitsland til folkehelsa.no.

Mannen ligg i respirator

Mannen ligg no i respirator ved sjukehuset i Molde. Dei fleste som blir smitta med svineinfluensa får dette, ifølgje Folkehelseinstituttet, som ei form for influensa. Den aktuelle mannen er imidlertid svært sjuk.

– Det er viktig å presisere at han blei lagd inn med ein annan diagnose. Men det blei også avdekka at han hadde svineinfluensa, seier Sommerlund.

Svineinfluensaen er komen

Arnt Sommerlund stadfester at vi kan ta tilfellet som eit teikn på at svineinfluensa-smitten er komen til området.

– Ja, vi ser at talet på tilfelle er noko forsiktig aukande. Vi viser til informasjonen frå Folkehelseinstituttet om at det kan vere alvorleg for dei som har ei tilleggs-diagnose. Folk flest vil oppleve dette som ein tøff influensa, seier Sommerlund.

Video Svineinfluensa i Molde

Folk blir bedne om å passe ekstra på dersom dei skulle få influensa.