Hopp til innhold

Kamp om vegsaltet

Det er snart tomt for vegsalt i Noreg og i resten av Europa. Lagera er tømde og det kan ta fleire månader før dei kan fyllast på nytt. Den tidlege vinteren og raskt skiftande føre har auka behovet for vegsalt i mange land.

Salter for mye?
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Ole Christian Drabløs

Ole Christian Drabløs seier det kan ta eit par månader før saltlagera kan fyllast opp.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Driftssjef i Mesta på Sunnmøre, Ole Christian Drabløs, seier dei no har salt til berre vel ei veke med drift. Og det er uråd å få tak i meir før om eit par månadar.

- Dette må vi rekne med å slite med framover. Vinteren har vore spesiell også i resten av Europa og det er no stor kamp om saltet på verdsbasis.

Berre siste månaden har Mesta brukt eit lite årsforbruk. Tre tusen tonn er pøsa ut på vegane berre på Sunnmøre for å stå imot den tidlege vinteren og betre føret på vegane.

Men medan Mesta importerer saltet frå Tunisia er Kolo Veidekke stort sett sjølvforsynte gjennom lokale saltverk.

Gunhild Sandnes i Kolo seier dei har lært av fjoråret då dei gjekk tome for salt.

- Spyl understellet oftere

Vil ha meir salting og strøing

Strakstiltak

Ole christian Drabløs seier at Mesta no må sette igang strakstiltak.

- Vi må truleg nedgradere vegar som vi no saltar til kategori vinterveg og strø dei med sand. Då blir dette vegar med vintersåle som vi eigentleg var vane med å køyre på frå tidlegare.

Mesta må no forhandle med Statens Vegvesen om kva dei skal gjere.

Sandstrøing

No kan saltet bli erstatta av sand på vegane.

Foto: NRK