Hopp til innhold

Rekordår for norsk klippfisk

Omsetjinga går opp med 35 prosent i 2010.

Klippfisk på supermarked i Brasil

SUKSESSFISK: Norsk klippfisk blir eksportert i større mengde enn nokon gong før, mellom anna til denne marknaden i Brasil.

Omsetninga på drøyt 1,3 milliardar kroner er ein auke på 35 prosent frå i fjor, og det merkar også bedriftene som driv med klippfisk i Møre og Romsdal godt.

Fagsjef Jorulf Straume i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening ser lyst også på neste år, men meiner produsentane må ta høgde for at nedgangsår kan kome.

- Alt som går opp kjem ned

- Alt som går opp kjem etter kvart ned. Det gjeld også økonomien i Brasil, som har hatt ei voldsom kurve oppover. Ein stad må den stoppe. Og når dei stoppar får dei ofte eit grusomt fall, seier Straume.

Og det kan få store ringverknader for klippfiskindustrien i Noreg.

I haust har fiskeindustrien vore i hardt ver etter funn av fosfat i fisk:

- Stabil oppgang frå sommaren

Likevel kan han og resten av klippfiskindustrien glede seg over at eksporten av klippfisk i 2010 nådde nye høgder. Og det merkar både små, mellomstore og store bedrifter.

- Me har ein auke i forhold til i fjor. Frå sommaren av har me sett ein stabil oppgang, seier dagleg leiar, Jacob Bjørge Høyberg, ved bedrifta Bjørge på Ellingsøya utanfor Ålesund.

Det er ei 3. generasjons familiebedrift som har drive med klippfiskproduksjon i snart 75 år.

Trur ikkje på ny rekord

Trass i at både bedrifta hans og andre bedrifter i fylket opplever gode resultat på grunn av det auka salet til utlandet, er han forsiktig med å antyde ny rekord neste år.

- No har det vore rekord to år på rad, i forhold til volum og verdi. Men eg trur ikkje det blir rekord i 2011. Er me så heldige at me får levere noko som liknar på 2010 skal me vere nøgde, seier han.

- I bransjen vår går det opp og ned, så me tek det månad for månad.