I haust er utbygginga på sitt største, og i rundt tre månader er det ikkje nok overnattingsplass til alle.
Hydro leiger inn hurtigruteskip fordi selskapet fekk færre lokale arbeidarar enn venta, og at hovudutbygginga toppa seg raskare enn rekna med.
Over 3000 arbeidarar i haust
Det er hurtigrutene "Midnatsol" og "Kong Harald" som blir leigde inn. Dei skal huse opp mot 300 arbeidarar under klimakset av Ormen lange-utbygginga.
I haust vil over 3000 arbeidarar vere i sving med utbygginga, det vil seie at det blir fleire arbeidarar enn fastbuande på øya Aukra.