Hopp til innhold

Sprang gjennom flammane

Eldre ektepar redda seg ut av brennande hus i Herøy på Sunnmøre.

Video Brann Herøy

VIDEO (John Birger Våge): Huset til det eldre ekteparet brann ned søndag morgon. Flaks og heltemodig innsats gjorde at liv ikkje gjekk tapt.

Ekteparet i 80-åra vakna av at soveromsdøra vart blåst ut og flammane stod inn i rommet i huset deira på Berge i Herøy. Dei klarte å halde hovudet kaldt, og sprang gjennom flammane inn på eit anna rom. Der kom dei seg gjennom vindauget og ut av huset ved hjelp av ein brannstige.

- Dei handterte saka på ein ypparleg måte, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Leif Arne Valderhaug til NRK.

- Det var utruleg godt tenkt av dei. Når ein tenkjer på alderen deira er dei nok ikkje så kjappe til beins lenger heller.

Huset totalskadd

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut då dei fekk melding om brannen klokka 06.10 søndag morgon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Huset vart totalskadd, men ekteparet kom frå det heile med berre lettare skadar.

- Kona fekk ein liten hovudskade under flukten. Begge vart brakt til legevakt for kontroll, fortel Valderhaug.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til brannen.

- Vi vil etterforska saka, men vi har veldig lite å gå på. Huset brann heilt ned og akkurat no er det for varmt der til at vi kan gjere noko arbeid, seier Valderhaug.

Brann i Flusund

Dette var ikkje den einaste brannen i Herøy. Klokka 00.23 natt til søndag fekk politiet melding om at det brann i eit bustadhus på Flusund. Heldigvis var det ingen personar inne i huset.

Brann Flusund

Det var full utrykking i Herøy i natt då det brann i eit hus på Flusund.

Foto: John Birger Våge

- Brannen var sløkt etter ein time. Det var brannskadar på stua og store røykskadar elles i huset, fortel operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug.

- Det er ikkje råd å bu i huset. Familien må nok finne seg ein annan stad å feire jul.

Dramatisk helg

Så langt i år har 60 personar omkome i brann i Noreg ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

I Bergen omkom to personar i brann søndag morgon.

Les: Brann i Åsane

Laurdag vart ein person funnen omkomen etter ein brann utanfor Nesna på Helgeland. Tre personar kom seg uskadd ut av huset.

Les: En omkom - tre berget seg

Ein mann i 60-åra er sakna etter ein brann i Lyngen i Troms laurdag ettermiddag.

Les: