Hopp til innhold

Ski-VM frå spesialkamera

Multimediaselskapet Fuglefjellet er tatt ut til ski-VM i Oslo i februar. Men i staden for ski og stavar, stiller dei med ei kule på 38 kilo montert under helikopteret.

Video b3742538-a14a-4c6f-ad78-c6d849e086d8.jpg

Videokamera under helikopteret

Kameraet i kula er stabilisert med fem gyroar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ålesunds-firmaet var med under prøve-VM tidlegare i år for å gjere seg kjent med området. No er det trening over Å lesund, og det er nettopp det som har skaffa Fuglefjellet VM-jobben.

Arbeidsprøvene er etter kvart mange. Fuglefjellet har hatt kamerakula i to år, og har fått sitt største prosjekt med ski-VM.

Leif Holand

Leif Holand ved redigeringsutstyret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Dette er svært viktig for prestisjen vår. Med eit Ski-VM på CV-en får du tillit - og det er det vi lever av i filmbransen, seier aerial manager i Fuglefjellet, Leif Holand.

Teknologien er den same som vart brukt under Vancouver-OL tidlegare i år. Og med millionar av sjåarar blir området rundt stadion like viktig for Noreg.

- Det som er spesielt med VM i Oslo er at løypene ligg så nært byområdet at vi kan koble bilda med kvarandre, seier Holand.