Hopp til innhold

Livet om bord - arbeid til sjøs

Arbeider du på sjøen, kjenner du noko som gjer det, eller lurer du på korleis det er? Her får du eit unikt innblikk i livet om bord på forsyningsskipet Havila Foresight.

Redigering

Odd Kristian Dahle og Remi Sagen redigerer ombord på Havila Forsight. Du kan sjå innslaga deira kvar dag i vår 18.40-sending denne veka.

Foto: NRK

35 000 norske sjøfolk er vekk frå familien sin i lange periodar. NRK har vore med forsyningsskipet Havila Foresight for å sjå korleis livet er om bord.

Sjå reportasjane til slutt i artikkelen.

Livet som splitta familie

Det er ein situasjon svært mange kan kjenne seg att i. Mor eller far er borte på arbeid i vekesvis i slengen.

Havila Forsight

NRK-teamet er med forsyningsskipet Havila Foresight.

Foto: Remi Sagen

NRK-teamet Odd Kristian Dahle og fotograf Remi Sagen har vore med Havila Foresight på oppdrag i Norskehavet for å skildre denne situasjonen.

Odd-Stian Stendahl frå Kristiansund er kaptein på Havila Foresight. Han blir hovudpersonen i innslaget som kjem på Laurdagsrevyen om nokre veker.

På land følger vi familien til kapteinen heime i Kristiansund.

– Sjøfolk som er vekke frå familien sin i lange periodar lever eit litt spesielt liv. Det er dette livet vi vil forsøke å gi eit innblikk i, seier NRK-reporter Odd Kristian Dahle.

Glimt frå livet om bord

Stendahl

Odd-Stian Stendahl er kaptein på forsyningsskipet. Laurdag om nokre veker får du sjå korleis han har det når han må vere vekke frå familien i lange periodar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Havila Foresight går mellom Mongstad og plattformane Troll, Oseberg, Heimdal og Brage.

Om bord i båten er eit heilt lite samfunn.

Dahle og Sagen gir oss også innblikk i dette samfunnet gjennom ein serie reportasjar frå miljøet om bord.

Resultatet ser du her.

Livet som matros

Matros Kjell Kvalsvik.

Neste år kan matros Kjell Kvalsvik feire 30-års jubileum som mannskap på forsyningsskip. På fritida likar han å trene, lese og drive slektsgransking.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Matros, Kjell Kvalsvik, frå Nerlandsøy i Herøy har arbeidd på forsyningsskip sidan 1981, og kan vel seiast å vere rimeleg erfaren.

Kulde eller bølgehøgder på fleire meter stansar ikkje leveransane til oljeinstallasjonane i Nordsjøen.

Vi har møtt matrosane som arbeider på dekk.

Video Livet som matros

Livsviktig trening

Det er svært viktig å ha realistiske redningsøvelsar om bord. Nokre sekund for sein rekasjon kan vere nok til at liv går tapt ute på det nådelause havet.

Video Livsforsikring for sjøfolk

I maskinrommet

Marita Gjerstad er motormannlærling om bord på Havila Foresight. Ho har ein hektisk kvardag. I maskinrommet må alt fungere. Det er små marginar dersom noko går gale.

Video Makinrommet om bord i Havila Forsight

Fritidssyslar

Det er også fritid om bord i forsyningsskipet. Mannskapet får tida til å gå med trening, TV-titting, solarium og spel.

Video Fritid om bord på eit forsyningsskip

I byssa

Kokken har ei svært viktig oppgåve om bord. Han skal sørge for rett ernæring, men er også ei stor kjelde til trivsel om bord. Kokken på Havila Foresight tek oppgåva på alvor.

Video I byssa