Hopp til innhold

Kritisk for kvinne som fall i elv

Situasjonen er kritisk for ei kvinne i 50-åra som blei søndag formiddag funnen sterkt nedkjølt og tilsynelatande livlaus i ei elv på Larsnes i Sande.

Redningsaksjon på Larsnes i Sande
Foto: Arthur Vestnes

Ved St.Olavs hospital får vi opplyst at kvinna har fått svært alvorlege skadar, og at ho søndag kveld er til operasjon.

Kvinna blei funnen rundt klokka 12 søndag, og blei sendt til St. Olavs hospital i Trondheim med ambulansehelikopter. Helsepersonell som kom til staden like etter klokka 12 sette umiddelbart i gang med lunge- og hjarteredning.

Kraftig nedkjølt

Leif Arne Valderhaug

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Andreas Sundby, NRK Møre og Romsdal

- Ho er kraftig nedkjølt, og det er for tidleg å seie korleis det går, seier operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt.

Funnen av kamerat

Kvinna blei funnen av ein kamerat i ei elv mellom grusbana og grasbana på Larsnes i Sande søndag formiddag. Kameraten og kona har ifølgje politiet vore på fest saman med kvinna laurdag kveld, og har opplyst at ho gjekk heim åleine i går kveld.

- Då dei ikkje fekk kontakt med henne søndag morgon bestemte mannen seg for å gå ut og leite. Han fann henne i live, men sterkt nedkjølt, i ei elv, seier Valderhaug.

Leitar etter svar

Politiet har ein teknikar på staden, som skal sikre spor. Politiet vil også utover ettermiddagen etterforske saka vidare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL