Hopp til innhold

Måtte naudlande i Ålesund

Eit Widerøefly som skulle til Ørsta/Volda måtte naudlande på Ålesund lufthamn Vigra tysdag ettermiddag.

Nødlanding Vigra
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

På grunn av ein feil med nasehjulet på Wiederøe sitt fly når dei skulle til å lande, måtte flyet opp i lufta igjen og foreta ei kontrollert landing på Vigra.

Problem med landingsutstyret

Passasjer Bjarne Wærdahl frå Ulsteinvik fortel at dei fekk beskjed like før dei skulle til å lande.

Bjarne Wærdahl

Bjarne Wærdahl opplevde situasjonen som udramatisk

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Då vi skulle til å lande på Ørsta Volda lufthamn Hovden, fekk vi beskjed om at det var problem med nasehjulet, og at vi måtte reise vidare til Ålesund.

Han meiner dei som var ombord på flyet hadde kontroll på situasjonen.

– Det var så roleg og greit at vi vart rolege vi også, seier Bjarne Wærdahl til NRK.

Flyplassen stengt

Ålesund lufthamn Vigra vart stengt ei kort periode, slik at kapteinen på Widerøeflyet kunne ta ei kontrollert naudlanding.

– Vi landa utan dramatikk på Vigra. Flyet stoppa midt på rullebanen, seier Wærdahl.

Nødlanding Vigra
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Betre beredskap

Driftssjef ved Avinor på Vigra, Bent Helge Sjursen, stadfestar at det var feil med låsing av nasehjulet på flyet som gjorde at dei måtte naudlande på Vigra.

– Det er betre beredskap på Ålesund lufthamn enn på Ørsta Volda lufthamn. Difor bestemte vi oss for å ta ei kontrollert naudlanding der klokka 15.20.

Sjursen seier flyet landa heilt som normalt, og at problemet med hjulet vart ordna før landing. Det var omlag 20 passasjerar ombord i flyet.

– Vi heva beredskapen på flyplassen og fekk brannbliar i posisjon, men alt gjekk greit.

Passasjerane fekk debriefing på terminalen, og vart deretter skyssa med buss til Ørsta Volda lufthamn Hovden.