Hopp til innhold

Drapstrua på Facebook

Oddbjørn Tomren har fått trapstruslar etter å ha stått i fremste rekke i sjukehusstriden mellom Nordmøre og Romsdal. Han er uroa for familien sin.

Oddbjørn Tomren

Oddbjørn Tomren går gjennom ei tøff tid som tillitsvaldi Sjukepleiarforbundet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Video Trua på livet i sjukehusstrid

Krevande tid

Oddbjørn Tomren er tillitsvalt for sjukepleiarforbundet i Helse Nordmøre og Romsdal. Han har stått i spissen i sjukehusstriden og fronta sjukepleiarane si sak.

Det har vore ei tøff tid, og før helga vart han også drapstrua på Facebook.

– Det har vore krevande både for meg og familien, seier han.

Vil ha nytt sjukehus i Molde

Tomren er ein av dei som har kjempa for at Nye Molde sjukehus skal bli bygd som planlagt på Eikrem i Molde.

Sjukehuset i Molde

Vakkert, men betent. Sjukehuset i Molde er gammalt, og eit nytt er under planlegging. Men kvar skal sjukehuset ligge?

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Dei fleste av medlemmene hans i Kristiansund går no inn for eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Gjemnes på Nordmøre.

Likevel meiner 42-åringen at nordmøringane si interesse er godt ivaretatt.

– Vi er likt representert, og vi har lik mulegheit til å påverke.

Ikkje til å misforstå

Tomren meiner drapstruslane ikkje var til å misforstå.

– Det sto at no må eg skjerpe meg om eg skal bli noko særleg "gamlare". Og at eg måtte passe helsa mi. Ikkje legge meg borti slike saker.

– Overskrifta var: Kor skal sjukehuset ligge? seier Oddbjørn Tomren til NRK.