"Vaffelhjarte" frå Runde

TV-serien "Vaffelhjarte" skal spelast inn på fugleøya Runde i Herøy. Det opplyser produksjonsleiar for serien som skal gå i NRK, Margrethe Fjelltun.
Publisert 11.10.2010 11:48.
- Skriv ut
TV-serien på 7 episodar blir vist neste år, og er basert på boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr frå Vanylven.
Produksjonsteamet har vore på synfaring på store deler av Sunnmøre og funne mange fine stader, seier Margrethe Fjelltun.

Margrethe Fjelltun meiner Runde har alt som trengs for produksjonen av Vaffelhjarte.
Foto: Privat- Runde blei valgt ut fordi der er alt vi treng, seier ho. Vi kjem til å bruke heile øya i opptaka og mange blir engasjert i det som skjer.
- Vi har enno ikkje snakka med butikkansvarleg, kyrkja sine folk eller andre vi treng assistanse frå, men dette arbeidet tek til med det aller første.
- Uver ingen hindring
Første del av innspelinga tek til i februar og vil gå inn i mars. Vinterstormar, snø eller kulde som kan kome vinterstid fryktar teamet ikkje. Tvert imot.
- Vi vil ha mest mogleg ver, seier Fjelltun. Vi veit at der kan vere verhardt, men det er heilt fint for produksjonen. Vi vil ha heilt naturlege tilhøve under opptaka og vi vil ha folk kledde som dei brukar å vere når der er dårleg ver.
600 vil spille i «Vaffelhjarte»
Stor interesse for Vaffelhjarte
Alle i produksjonen skal bu på Runde Miljøsenter når produksjonen kjem igang. Første del på vinterstid og andre del i juni neste år.
Spenninga stig

Frå audition til Vaffelhjarte
Foto: Remi Sagen/NRKEtter auditon på hovudrolleinnehavarar står det no att omlag 90 personar - rundt ein firedel av dei som sa seg interessert. Det er enno uviss kva tid den endelege uttakinga kjem, men arbeidet pågår for fullt.
- Elles treng vi mange statistar og vi kjem til å få bruk for svært mange av dei som bur på øya, seier Margrethe Fjelltun.
Frå auditon i Volda
Lyd og video
Les
Siste: Møre og Romsdal
- No startar kampen for nytt fengsel
- Rusførebyggjer i barnehage
- Fra babes til babyer for 120 days
- AaFK jaktar på nye spelarar
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Måndalstunnelen stengt etter ulykke
- Får ikke se Tore lese nyhetene
- Seksuelt utnytta av støttekontakt
- – Helse Midt-Noreg pressar oss ut
- Nattestengte vegar
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- – Det var et helvete for meg
- – Opposisjonen er på statsrådjakt
- Gikk til angrep mot politiet
- – Tilliten til mat i Norge svekkes
- Drammen tester felles nødnummer
- Omsorgsteknologien er over oss
- – Brevveksler med meningsfeller
- Mange dårlige fengsler i Norge
- Mange vil unngå E18-bommene
- Her smeller terrorbomben i Oslo
Frå auditon i Volda


Februar 7



