Hopp til innhold

Korentusiasme i Surnadal

7 kor med over 200 songarar konkurrerte i Surnadal laurdag kveld.

Bøgdaungdommen var ikkje til å stoppe
Foto: Steinar Hasselø / Driva

Ideen kom frå Surnadal Sparebank, og det heile gjekk føre seg Surnadal Idrettshall. I heile tre timar var det song og underhaldning for dei over tusen frammøtte.

Det heile starta i februar, då alle innbyggarane i kommunen blei inviterte til å delta. Dette resulterte i sju kor med over to hundre songarar.

- Dette er ein stor del av befolkninga i Surnadal. Skulle ein like stor del av Trondheim sine innbyggarar ha vore med på noko slikt, ville det ført til at over 5.500 hadde vore med i kora, seier Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

Suksess frå a til å

Korsong på tv har blitt ein suksess, og arrangørane ser at dette også har blitt vidareført til lille Surnadal.

- Det er svært sosialt og givande for dei som er med, og resultatet av dette initiativet er at mange har fått ein ny fritidsaktivitet.

Interessa for korsong har auka voldsomt, og det ser også ut til at det blir etablert fleire kor som resultat av dette initiativet, seier ei fornøgd Dalsegg.

Koret frå Stangvik/Kvanne/Todalen stilte med ein joker i avslutningsnummeret. Torstein Snekvik.

Korsang er meget sosialt og givende for de som er med, og resultatet av dette initiativet er at mange har fått en ny fritidsaktivitet. Mange som tidligere ikke har sunget i kor har nå fått sjansen til å være med på noe de kanskje alltid har drømt om. Interessen for korsang har økt betydelig og det ser nå ut til at det vil bli etablert ett eller flere kor som resultat av dette initiativet.

Foto: Steinar Hasselø / Driva

Sjølv om koret frå Stangvik/Kvanne/Todalen hadde vinnarane av MGP-junior, Torstein Snekvik, som ein overraskande joker i sitt avslutningsnummer, held det ikkje til siger. Publikumsprisen gjekk til Åsskardkoret, kora sjølve stemte fram Bøgdaungdommen, medan juryen ga sin pris til Feltkoret.