Hopp til innhold

- Røkke vil ha Solskjær som Molde-trenar

Kjell Inge Røkke vil ha Ole Gunnar Solskjær som ny Molde-trenar frå neste år.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær skal vere ønska i Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Ifølgje VG Nett skal Aker-eigar og Molde-patriot Røkke vere veldig positiv til Solskjær som ny sjef på Aker Stadion. Og veldig negativ til at han hamnar i ein annan norsk klubb. Rosenborg, Brann, Viking og Vålerenga skal ha prøvd seg. Norges Fotballforbund også.

Kjell Inge Røkke

Klubbeigar Kjell Inge Røkke, skal ifølgje VG vere svært interessert i få Ole Gunnar Solskjær heim til Noreg og til heimfylket.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Klubbeigeren som har brukt om lag ein halv milliard kroner på fotballklubben sidan 90-talet, skal ha uttrykt eit klart ønskje om at Solskjær kjem heim til Noreg etter 14 år i Manchester United.

På trenarjakt

Molde Fotballklubb (MFK) jaktar ny hovedtrener når vikariatet til Uwe Rösler utløper ved sesongslutt.

Solskjær er tilsett som reservelagstrenar i Manchester United no. Men han har gitt uttrykk for at han og kona Silje vil flytte heim til Noreg med parets tre barn ein dag.

Spekulerer etter huskjøp

At Røkke har kjøpt det dyreste huset i heimbyen Kristiansund har også fått folk til å spekulere på om Solskjær har tenkt seg heim.

Praktvillaen var ifølgle lokalavisa Tidens Krav prissatt til 11,5 millionar kroner.

Boarealet i huset, som har utendørs svømmebasseng og nydelig utsikt mot havet, er på nesten 400 kvadratmeter og har fem soverom. Den populære badestranden Skjerva ligger like i nærleiken.