Skipet skal ha med seg minst 300 kontainarar med fisk. Det meste er makrell som skal til Aust-Asia, Tyrkia og Aust-Afrika. Det er Bring Østersjøisk avdeling som fyller skipet med makrell.
– I dag kom det desidert største kontainarskipet som nokon gong har vore ved kai i Noreg til Ålesund. Årsaka er det enorme volumet med makrell som blir fiska rett utan for kysten her no, seier Tore Kultorp, salssjef for fisk i Bring Cargo.
- Skulle ikkje tru det var mogleg
På Flatholmen i Ålesund sto fredag 300 kontainarar fulle med makrell. Det blir hektisk aktivitet på Ålesund hamn i tre dagar.
– Bedriftene i området produserer så mykje fisk kvar dag at ein nesten ikkje skulle tru det var mogleg, seier Kultorp.
– Dette er «peanuts» for meg
Makrellfiskarane har tatt opp titusener av tonn dei siste vekene. Dermed må det satsast stort for å få fisken ut av landet.
– Eg er veldig stolt over at vi er her med det største containerskipet som har vore i Noreg nokon gong, seier kaptein George Tabile på EM Chios. Men eg har vore på langt større containerskip enn dette, så dette er nesten «peanuts» for meg, seier Tabile til NRK.
Enorme volum
Det norske makrellfisket var dårleg i fjor. Dette betyr at der er eit etterslep som både fiskarar og eksportørar ønskjer å ta att i år.
– Kundane i det fjerne austen er veldig kjøpevillige. Med den store kvoten som er i år så blir det ekstremt store volum, seier Kultorp.