Hopp til innhold

600 vil ha rolle i Barne-TVs «Vaffelhjarte» av Maria Parr

NRK Barne TV lagar serie av Maria Parr si bok «Vaffelhjarte». 600 håpefulle unge skodespelar-talent har meldt seg. I dag var første autidion-runde.

Audition Vaffelhjerte

Det er gøy å vere på audition. Og veldig mange vil ha ei rolle i Vaffelhjarte.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag var det hopp og sprett og mange øvingar for dei første frammøtte. Alle blei registrert og fikk nummerlapp. Så skulle dei gå ein og ein inn til dei som skal avgjere kven det er som skal få rolle i «Vaffelhjarte».

AMALIE FLISTER

Amalie Flister frå Vanylven var med på audition i dag.

Foto: REMI SAGEN / NRK

– Eg syns boka var veldig kjekk. Og dette høyres veldig spennande ut,. Og eg er veldig spent på kva som skal skje vidare,seier Amalie Flister. Ho har kome til audition og skal vise fram om ho kan duge i ei av rollene.

Mange hundre vil vere med

Dei som hadde fått innkalling til audition i dag er berre ein brøkdel av alle dei som har lyst til å få ei rolle.

August Brandal

August Brandal var på Audition i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg tykkjer det er gøy å spele teater. Og eg tykkjer også at boka «Vaffelhjerte» er kjekk, seier August Brandal, som også har kome på autidion i dag. Men eg er veldig nervøs no like før eg skal inn, seier han.

– Kjempekjekt å vere på audition

NRK fekk ikkje lov til å vere med inn på sjølve audition. Men vi forstår på dei som kjem ut frå auditionromet at det er morosamt å vere med på dette.

– Dette var kjekt. Eg er frå Åheimi Vanylven, same kommune som forfattaren Maria Parr kjem frå, fortel Amalie Flister når ho kjem ut att.

Video VAFFELHJERTE

Sjå på denne videoen. Her kan du sjå at audition er kjempegøy.

– Fantastisk oppslutning

Dei som produserer «Vaffelhjarte» er veldig godt nøgde etter første dag med audition.

Jan Terje Eidset

Jan Terje Eidset er sjef for audition til Vaffelhjarte.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er så glade for dette. Det er så mange, kjekke ungar som har vore her. Nokre skal også vere med vidare. Dette her er kjempebra. Vi skal ha alle inn på første runde. Så blir det ei utplukking av dei som skal vidare, seier auditionansvarleg Jan Terje Eidset.