10.02.2012

Greier ut samanslåing av Hareid og Ulstein

Formannskapsmøte (Foto: Trond Vestre)

Felles formannskapsmøte mellom Ulstein og Hareid i rådhuset i Ulsteinvik måndag ettermiddag.

Foto: Trond Vestre

I eit felles formannskapsmøte måndag vart det avgjort å greie ut samanslåing mellom dei to kommunane Ulstein og Hareid.

Og folk vi møtte på Hareid i forkant av møtet støttar forslaget om ei samanslåing av dei to kommunane. Kommune har mykje til felles, seier May Britt Aasmo og Alice Arnesen.

 Alice Arnesen og May Britt Aasmo  (Foto: Trond Vestre/NRK)

Alice Arnesen og May britt Aasmo meiner det er heilt greit å slå saman Hareid og Ulstein.

Foto: Trond Vestre/NRK
Wenche Haakonsholm (Foto: Trond Vestre/NRK)

Wenche Haakonsholm i Ulstein tykkjer det er ein god idé å slå saman Ulstein og Hareid.

Foto: Trond Vestre/NRK
Hannelore Måseide (Foto: Trond Vestre)

Hannelore Måseide som er ordførar i Ulstein kommune.

Foto: Trond Vestre
Tor Meinseth (Foto: Trond Vestre)

Høgrepolitikar i Ulstein, Tor Meinseth, er positiv til kommunesamanslåing mellom Ulstein og Hareid, men tykkjer det er dumt at ikkje Herøy og Sande vil vere med på vidare utgreiingar.

Foto: Trond Vestre
Jørgen Amdam (Foto: Alf_Jørgen Tyssing/NRK)

Professor Jørgen Amdam meiner det ligg godt til rette for å slå saman Hareid og Ulstein.

Foto: Alf_Jørgen Tyssing/NRK

– Dette er heilt greit. Dette kan like gjerne vere ein kommune som to små. Vi er ikkje redde for at Ulstein skal bli nokon «storebror». Vi har sterke politikarar i Hareid, seier dei.

Også folk vi møtte på Blåhuset i Ulstein ser positivt på ei samanslåing. For kommunane Hareid og Ulstein står kvarande nær.

– Eg tykkjer at ei samanslåing må vere veldig bra. Vi kjenner kvarandre godt og arbeider for det same, som utvikling, industri, idrett og miljø. Eg kan ikkje sjå nokon motsetnader mellom Hareid og Ulstein, seier Wenche Haakonsholm.

Historisk dag

No er det altså klart at det skal gjennomførast ei utgreiing av ei eventuell samanslåing av dei to kommunane Hareid og Ulstein. Dette blei vedteke på eit felles formannskapsmøte måndag.

– Dette er ein historisk dag både for Hareid og Ulstein, seier Hannelore Måseide som er ordførar i Ulstein kommune.

Slag i andletet

Men Høgre-politikar Tor Meinseth frå Ulstein seier det er eit slag i andletet at Herøy og Sande ikkje vil vere med på vidare utgreiing.

– Eg meiner vi absolutt hadde stått sterkare dersom vi alle sto samla. Det er beklageleg, men slik er situasjonen i dag. Kanskje kan Hareid og Ulstein vere ein start og så følgjer dei andre kommunane etter, seier Meinseth som er positiv til kommunesamanslåing.

Tilbakevendande tema

Kommunesamanslåing har vore eit stadig tilbakevendande tema i Hareid og Ulstein, men folk og politikarar har tidlegare sagt nei. Dermed er det på mange måtar eit historisk gjennombrot når dei to kommunane på Ytre Søre no går inn for å utrede konsekvensane ved ei samanslåing.

Eit slikt vedtak ville ha vore utenkeleg for berre nokre år tilbake. Med samhandlingsreforma vert det også meir press på kommunane. Det vert lagt vekt på at dei må levere kvalitet til til innbyggjarane sine og då er det ofte lettare med samarbeid.

– Tida er inne

Professor Jørgen Amdam har forska på kommunesamanslåing i mange år og meiner storebror Ulstein og veslebror Hareid er ideelle for samanslåing.

– Tida er moda for kommunesamanslåing, seier Amdam.

Han meiner ei dominerande kommune som Ulstein, og ei som er litt meir avhengig av den andre som Hareid, er den beste oppskrifta på ei vellukka kommunesamanslåing.

– Ved slike høve ser ein fleire fordelar enn ulemper. Ulstein og Ulsteinvik som sentrum, har teke over mange arbeidsplassar og servicetenester dei siste åra. Dermed har folk fått eit anna forhold til Ulstein i dag enn det var for nokre år tilbake, seier Amdam.

Folket avgjer

Til slutt er det folket som avgjer kva som skjer vidare. I 2013 vert det truleg lagt opp til folkeavstemming. Då må politikarane ha klart å ovebevise folket om det vert ei storkommune på Hareidlandet.

Kva meiner du? Støttar du samanslåing av kommunar? Skriv meininga di her!

Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet