Strid om vegbygging

Om utbyggjarane får det som dei vil Rotsethornet få veg opp. Då vil det verte lettare å nå toppen på det markante fjellet i Volda.
Foto: Svein A. ArnesenStyreleiaren for Rotsethornvegen i Volda trur ikkje ei underskriftskampanje kan stoppe dei frå vegbygging.
Publisert 07.09.2010 05:32.
- Skriv ut
Ei gruppe innbyggarar startar ein kampanje for å prøve å stanse planane om veg opp på fjellet Rotsethornet, og meiner det vil øydelegge eit viktig naturområde.
Styreleiaren for Rotsethornvegen i Volda, Karl Erik Rønnestad, har inga tru på at ein underskripskampanje kan stoppe dei.
Har arbeidd lenge for veg
– Vi har gått grundig gjennom saka og den har vore grundig handsama i ei høyringsrunde i kommuneplanen. Så derfor trur eg ikkje prosjektet vert stoppa av ein underskriftskampanje, seier Rønnestad
Han har inga tru på at det markante fjellet i Volda sentrum i framtida berre vil vere for to- og firbeinte. Privatpersonar har i fleire år arbeidd med planane om å byggje veg opp på toppen av det 649 meter høge fjellet, og det er no laga ein privat reguleringsplan over området.
Håpar på vegstopp
Samstundes har motstanden vore hard, og Severin Helset, som bur like nedom Rotsethornet, seier ein slik veg vil øydeleggje eit viktig naturområde. Han håpar dei får stoppa planane.
– Om dei får bygd vegen vil det få store konsekvensar for utmarksområda i nærleiken av Volda sentrum, seier Helset.
For dei som ikkje kjem seg opp
Styreleiar Rønnestad seier målet framleis er å opne fjellet for dei som ikkje klarer å gå opp sjølve.
– Det å lage ein veg opp til eit fjell vil innebere at området ikkje vert akkurat slik som det var. Ein veg vil likevel gi nye mulegheiter til grupper som aldri har hatt høve til å kome seg opp tidlegare, seier Karl Erik Rønnestad.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- Gutter og jenter møtes hver for seg
- Qvigstad hardt ut mot lekkasjar
- Åpner for å påstå Breivik-straff
- Nesten ingen vil ha Siv
- Lysbakken legger seg flat
- Berlinalen 2012


Februar 3



