Sluttførte sjøkabel-prosjekt
Den siste sjøkabelen over Sulafjorden vart lagt i helga. Bebuarar og kraftselskap er nøgde med løysing utan luftspenn.
Publisert 06.09.2010 19:34.
- Skriv ut

Kabelane er lagt oppi fjøra
Foto: Svein Smørdal/NRKSjøkabelen som skal føre straum over Sulafjorden utanfor Ålesund vart drege opp i fjøresteinane på Hareid denne helga.
I haust skal tre kablar skøytast saman med ein jordkabel, og vil gi ei sikrare reserveforsyning av straum til både Ålesund og Søre Sunnmøre.
Store protestar

Her er kabelen nedgraven - til erstatning for høge kraftmaster
Foto: Svein Smørdal/NRKDelar av denne kraftlinja har vore svært omdiskutert. Framleis raser debatten rundt linja som strekk seg frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre med argument for og imot kraftlinje i luft, jord eller vant. På Hareid vart det store protestar då planene for linja som no snart er ferdig vart lagt fram.
Siv Moe Hjelle frå Hareid fortel at det var planar om veldig store mastrer og ei 12 meter brei gate før innbyggjarane fekk tilslag på kravet om jordkabel.
– No til slutt tykkjer vi at vi har vore heldige. Vi har vorte tekne på alvor, seier Moe Hjelle.

Siv Moe Hjelle frå Hareid er glad for at innbyggjarane i Hareid fekk kabelen lagt i jord. Ho føler at dei har vorte høyrde i prosessen.
Foto: Remi SagenEr samde om løysinga
I dag er det berre denne bare stripa langs fjellet som viser kvar jordkabelen ligg - sjølv om kommunen og kraftselskapet måtte gå fleire runder endte dei på ei løysing som begge partar kunne leve med, utan luftspenn.

Tone Sundklakk i Tussa har vore prosjektleiar for sjøkabel-prosjektet over Sulafjorden.
Foto: Remi Sagen
– Vi har hatt eit godt samarbeid med Hareid kommune og innbyggjarane, der vi har funne gode løysingar. Også økonomiske løysingar for Tussa, seier prosjektleiar i Tussa, Tone Sundklakk til NRK Møre og Romsdal.
– Noreg har råd til å lege kabel. Det vi ikkje har råd til er å satse liv og helse til dei som bur langs linja, meiner Siv Moe Hjelle.


Februar 3



