I dag er det fest i Surnadal
Måndag morgon var Torstein Snekvik tilbake på skulen.
Det var jubelscener då vinnar av Melodi Grand Prix jr., Torstein Snekvik, kom tilbake til skulen sin måndag morgon. Og i dag skal det bli fest i bygda.
Publisert 06.09.2010 08:23.
- Skriv ut
På skulen skal det feirast med pølser og brus. Og alle skal få sjå finalen i reprise på storskjerm.
– Vi har fått eit skikkeleg positivt løft. Dette er noko som gjer noko med stoltheita vår, seier FAU-leiar Bergsvein Brøske. Laurdag vann Torstein Snekvik Melodi Grand Prix junior.
Før konkurransen i Oslo Spectrum tok til runga det med «Torstein»-rop i gatene utanfor Oslo Spectrum. 220 frå Kvenna hadde møtt opp og var med og heia fram sambygdingen Torstein Snekvik.
– Sjå her, det er heilt fantastisk, seier mor Heid Snekvik i timane før konkurransen. Heile Kvanne har jo kome til Oslo. Det er heilt supert, seier ho.
Nettmøte: Torstein svarer på dine spørsmål i dag

Feiringa er i gang i skulegarden.
Foto: Frode Berg/NRK
Det vart pølser til alle. Medelevane feirar etter sigeren i Melodi Grand Prix jr.
Foto: Frode Berg/NRK
På bakerste benk feirar Torstein Snekvik saman med klassekameratane.
Foto: Frode Berg/NRK
Festen er i gang. Skulekameratane er samla for å se finalen i opptak og å spise pølser og brød.
Foto: Frode Berg/NRK
Mamma Heid Snekvik. - Dette er heilt supert, seier ho.
Foto: Frode Berg/NRKTok til tårene
10 år gamle Torstein Snekvik frå Surndal tok til tårene då det var klart at han vann MGPjr laurdag kveld. For ni månader sidan hadde han aldri stått på ei scene før.
Trøytt Torstein
Dagen etter møter vi ein glad men sliten 10-åring utanfor hotellet i Oslo. For det har vore eit heilt spesielt døgn for Torstein Snekvik.
- Eg har hatt det kjempebra, og har kosa meg, men no er eg litt trøytt. Det blei seint i natt, eller i dag, rettare sagt, seier ti-åringen søndag ettermiddag. Han vedgår at han blei fylt av glede og tårer då programleiarane i MGPjr las opp namnet hans.
Kort karriere
Det er ikkje meir enn ni månader sidan Torstein Snekvik sto på scena for første gong. Det skjedde under ei juleavslutning til kulturskulen i Surnadal.
- Det har vore eit sjukt løpt, før fekk eg spele ein gong i året, no spelar eg mange ulike stader, så dette er eit stort løft, seier han.
Fest på skulen
Måndag skal MGPjr-sigeren markerast på skulen i Surnadal, og ti-åringen gler seg.
- Eg kjem ikkje til å gjere så mykje lekser måndag iallefall. Det blir kjempeartig å møte igjen kompisane mine, og så blir det sikkert ein del talar, seier vinnaren.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- Gutter og jenter møtes hver for seg
- Qvigstad hardt ut mot lekkasjar
- Åpner for å påstå Breivik-straff
- Nesten ingen vil ha Siv
- Lysbakken legger seg flat
- Berlinalen 2012
- Revolusjonerende teknikk på REC
- –Sterkere todeling av norsk økonomi


Februar 3



