Flokk på 100 sauer er sakna - kan vere tekne av jerv

Dette er eit av 10 kadaver som er funne i området der 100 sauer er sakna. Sauen blei funnen 23. august, og ber preg av å vere teken av jerv.
Foto: Lars Erling Koksvik, Tingvoll kommuneEin flokk på 100 sauer er sakna i fjellet ved Tingvoll og Sunndal. Kadaverfunn tyder på at det er jerv som står bak sauemassakeren.
Publisert 02.09.2010 10:13.
- Kommentarer
- Skriv ut
Opptil 8 mann og tre hundar har leita etter sauene dei siste dagane. Dei har ikkje sett snurten av ein einaste levande sau. Men no er det funne sauekadaver i området. Kadavera ber preg av at det er jerv som har forsynt seg.
– 100 sauer utgjer ein stor flokk når du har dei samla. Vi har funne tilsaman 10 kadaver. Det har ikkje vore jerv i dette området tidlegare, seier saueeigar Rune Båtnes Hanem til NRK.
– Tenkte på tjuveri
Saueeigar Rune Båtnes Hanem har vore inne på tanken om at sauene kan ha blitt stolne. For det er eit svært stort tap for saueeigaren.
– Tanken om tjuveri har streifa oss. Men korleis i all verda skal dei ha fått til det? Det er jo ikkje nokon stad her der det er mogleg å parkere ein lastebil for å få med seg sauene utan at nokon legg merke til det. Det er fysisk umogleg i desse traktene her.
Leitar vidare med helikopter
Det er no aktuelt å leite etter saueflokken med helikopter. Akkurat no er leitemannskapa slitne, og det er uaktuelt å leite i området til fots no.
– No er opplegget at vi må kvile oss litt. Kanskje vi finn nye idéar til korleis vi skal finne sauene. Men vi tykkjer det ser svart ut no, ja vi gjer det, seier saueeigar Rune Båtnes Hanem.
Kart
Les
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Amnesty ber Norge legge Syria-press
- – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila


Februar 4



