Hopp til innhold

På leit etter verdfulle klesplagg

Uventa mange og verdfulle klesplagg frå 1800-talet blei funne og registrert då Bunad- og folkedraktrådet besøkte Ørskog.

Bunad

Frå registreringsarbeidet til Bunad- og folkedraktrådet då vitja Ørskog onsdag.

Foto: Bernt Baltzersen

Rådet ønskjer å dokumentere tekstilhistoria både lokalt og nasjonalt, og besøker delar av Sunnnmøre i jakta på drakttradisjonar frå 1800-talet.

Resten av fylket er dokumentert før.

Konservator i det nasjonale folkedraktrådet, Anne Kristin Moe, er svært fornøgd med starten av registreringsarbeidet.

– Her kom det både inn broderte sjal, forkle og såkalla svarte motedrakter, vottar og mange stakkar og skjorter, fortel konservator Anne Kristin Moe.

Anne Kristin Moe

Anne Kristin Moe meiner det er viktig å kunne dokumentere den norske tekstilhistoria.

Foto: Bernt Baltzersen

Ikkje berre kvinneplagg

Det er ikkje berre kvinneplagg Bunad- og Folkedraktrådet ønskjer å registrere no når dei besøker Ørskog, Stordal, Stranda og Sykkylven i jakta på verdfull tekstiltradisjon og historie frå 1800-talet. Dei vil også gjerne sjå og dokumentere mannskle og barnekle.

– Vi er ute etter å sjå heile draktsskikken og det som kan dokumenterast av den. Sko, støvlar, hovudplagg, sølv og ikkje minst fotografi er kjempegode kjelder som viser heile drakta si samansetning, påpeikar Moe.

– Viktig arbeid

– Kvifor er det viktig å gjere dette arbeidet?

– Vi treng å vise den tekstile historia vår. Når det gjeld hus og båtar er det lett for folk å sjå, men kleda ligg jo i kister inne så det får vi ikkje sjå utan vidare. Derfor vil vi gjerne ta bilete av desse kleda og ha i arkivet vårt. Kleda seier noko om utviklinga, ikkje berre på Sunnmøre, men i heile landet gjennom eit slikt arkiv, seier Moe.