10.02.2012

Krev betre kabelutgreiing

Kraftline grafikk

Ordførarane på Sunnmøre krev at det blir sett i gang uavhengig utgreiing for kabel mellom Fardal og Ørskog.

Gudny Fagerhol (Foto: Håvard Ketil Sporsheim/NRK)

Gudny Fagerhol er leiar i Søre Sunnmøre regionråd.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim/NRK

Ordførarane på Sunnmøre vedtatt å sende ein uttale til regjeringa der dei krev at det blir sett igang uavhengige utgreiingar av kabelløysing på den planlagde lina mellom Fardal og Ørskog.

Ordførarane meiner det er eit realistisk alternativ å legge kabel på deler av traseen. Dei viser til Statnett si førebelse utgreiing som viser at det er teknisk mogleg å leggje sjøkabel i den nordlege delen.

Kraftline (Foto: Espen Gjelsten/NRK)

Ordførarane vil ikkje ha kraftliner som viser godt i terrenget.

Foto: Espen Gjelsten/NRK

Utgreiinga frå Statnett viser også at dette vil vere den beste løysinga for fastbuande, reiseliv og andre brukarar, og at dette også kan bli ei sikker løysing ved å legge doble kabelsett.

Ordførarane krev at utgreiinga skal gjerast av ein ekstern tredje part i tråd med dei utgreiingane og den prosessen som skal gjennomførast for strekninga Sima-Samnanger i Hordaland.

Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet