Hopp til innhold

- Personvernet avgjerande

Møre og Romsdal Høgre står fast på eit nei til EU sitt datalagringsdirektiv.

Helge Orten

Helge Orten leiar i Møre og Romsdal Høgre

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det er klart etter eit møte i arbeidsutvalet i går.

I vår sa eit fleirtal på fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Høgre nei til direktivet, men landsmøtet i Høgre valde å utsette saka.

No skal partiet behandle saka på nytt, men fylkesleiar Helge Orten ser ingen grunn til å endre standpunkt.

- Etter vår oppfatning går dette for langt i forhold til personvernet. Det vil kunne bli lagra informasjon om den einskilde utan noko form for behandling i førekant.

- Dette er å gå for langt i noko så viktig som personvern.

Datalagringsdirektivet slaktes i EU-rapport

Imot utvidet datalagringsdirektiv

Vanskeleg avgjerd

Saka er vanskeleg, så vanskeleg at då Høgre skulle ta stilling til EU sitt datalagringsdirektiv på landsmøtet i mai så blei den utsett.

3.september skal sentralstyret i Høgre behandle saka på nytt etter at det no har vore ei høyringsrunde i fylkesparta. Helge Orten meinar Høgre ikkje bør forhaste seg.

- No foregår det ei evaluering også i EU-systemet der det vil kome ein rapport utpå hausten. Vi meiner det er fornuftig å sjå kva som kjem ut av dette før endeleg standpunkt blir tatt, seier Helge Orten.