10.02.2012
Molde - Stuttgart: 2-3

Målrik fotballkamp endte i tap

Molde - Stuttgart (Foto: Svein Ove Ekornesvaag/Scanpix)

Stuttgarts Martin Harnik (tv) headar inn 2-3 i duell med Magne Simonsen

Foto: Svein Ove Ekornesvaag/Scanpix

Molde stod lenge imot Stuttgart i kveldens kvalifiseringskamp til Europaligaen, men tyskarane ville ikkje forlate Molde utan siger.

Molde sitt Europaliga-eventyr kan nærme seg slutten etter tapet mot Stuttgart i kveld, 2-3 lovar ikkje godt for avansement i europaligakvalifiseringa. Returkampen vert spela i Tyskland neste veke, og mykje skal til om Stuttgart rotar bort leiinga frå bortekampen. Klubben som vann Bundesligaen i 2007 er også då storfavoritt i oppgjeret.

Fartsfylt opning

Kampen opna friskt og fartsfylt på Molde stadion. Stuttgart hadde ballen mykje,

Dette er Stuttgart

  • Fullt navn: Verein für Bewegungsspiele Stuttgart 1893 e.V.
  • Klengenavn: Die Roten og Die Schwaben
  • Grunnlagt 9. september 1893
  • Stadion: Mercedes-Benz Arena
  • Trener: Christian Gross
  • Spiller i Bundesliga
  • En rekke tyske og internasjonale mesterskap

men Molde var kanskje overraskande mykje med. Molde fekk mange overgangsmoglegheiter, men klarte ikkje å ta vare på dei. Verken Hoset eller Fall sine forsøk ville i mål.

Etter 27 minutt scorar Stuttgart. Det glipp på Molde sin kant. Christian Molinaro slår inn framfor mål, der Sebastian Rudy får stå åleine og trille inn leiarmålet.

Etter kvart har Molde mykje ball, og slår langt, men slepp ikkje til nokon store moglegheiter. Molde får ei overgangsmoglegheit, men det går litt for seint, og tyskarane kjem raskt heim og får kontroll.

Molde-Stuttgart (Foto: Ekornesvåg, Svein Ove/Scanpix)

Daniel Berg Hestad i duell med Stuttgarts Timo Geghart

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove/Scanpix

Molde slit defensivt og Stuttgart kjem meir og meir i angrep. Vertane sin dårlege kombinasjonen av tabbar defensivt og manglande effektivitet offensivt øydelegg.

Mattias Mostrom såg ut til å i alle fall berge Molde frå tap då han fekk rota ballen i mål etter 65 minutter, men kvarteret før full tid sette Zdravko Kuzmanovic sikkert inn 2-1.

Og heller ikkje då Magne Hoseth gjekk på raid og utlikna til 2-2 på vakkert vis, var lidingane over for heimepublikum. Eit sovande forsvar vart åtte minutt før full tid lurt av Martin Harnik, som heada inn sigersmålet frå fem meter.

Molde skulle vise seg å tidvis vere gode offensivt, og to mål mot solid tysk motstand er bra, men laget sleit defansivt i kveld.

- Vurderer oss som eit svakare lag

Stuttgart kom utan fleire av sine beste spelarar til kveldens europaligakvalifiseringskamp mot Molde. Spelarane dei hadde i den tyske VM-troppen er framleis på ferie.

Molde-trenar Kjell Jonevret sa før kampen at det tyder på at det tyske laget ikkje trur Molde er på same nivå som dei sjølv.

Les:

(NRK/NTB)
Banner valgresultat 2011 468x110

Lenker

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet