- Dei trur vi er svakare enn dei

Molde-trenaren trur Stuttgart ser på Molde som eit dårlegare lag enn dei sjølve.
Publisert 29.07.2010 18:03.
- Skriv ut
Stuttgart kjem utan fleire av sine beste spelarar til kveldens europaligakvalifiseringskamp mot Molde. Spelarane dei hadde i den tyske VM-troppen er framleis på ferie.
Kampen byrjar klokka 18.30, og du kan følgje med på scoringane her.
Les:
- Eit flott tilfelle til å få glede i gruppa
Molde-trenar Kjell Jonevret seier det tyder på at det tyske laget ikkje trur Molde er på same nivå som dei sjølv.
- Det er klart at dei vurderer oss som eit svakare lag enn dei sjølve, men det hadde vore umenneskeleg for fulltidsproffar i Tyskland å ikkje få litt ferie. Vi hadde gjort akkurat det same om vi hadde hatt ein VM-spelar. Dessverre for oss så er det slik at dei andre som er her er veldig gode dei også.
Molde slit i eliteserien, og er no berre to poeng unna ein kvalfiseringsplass. På
Dette er Stuttgart
- Fullt navn: Verein für Bewegungsspiele Stuttgart 1893 e.V.
- Klengenavn: Die Roten og Die Schwaben
- Grunnlagt 9. september 1893
- Stadion: Mercedes-Benz Arena
- Trener: Christian Gross
- Spiller i Bundesliga
- En rekke tyske og internasjonale mesterskap
søndag ventar ein vanskeleg bortekamp mot Brann, men Jonevret trur ikkje ein europligakamp no verkar forstyrrande på spelarane. Tvert imot trur han kampen mot Stuttgart kan slå positivt ut.
- Dette er eit flott tilfelle til å få litt glede inn i gruppa, så det er berre positivt at kampen kjem no i eit elles tøft kampprogram. Eg trur alle tykkjer dette skal verte kjekt, seier Jonevret.
(NRK)Lenker
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly


Februar 4



