10.02.2012

Satsar på å unngå baklengsmål

Kjetil Rekdal (Foto: Bernt Baltzersen/NRK)

Aalesundtrenar Kjetil Rekdal trur det vert ein jamn kamp mot skotske Motherwell

Foto: Bernt Baltzersen/NRK

- Vi må få til eit stort balltempo og ha god framdrift i angrepsspelet vårt, seier Kjetil Rekdal om kveldens kvalifiseringskamp til Europaligaen.

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal trur det vert ein tett og jamn kamp mot skotske Motherwell.

- Vi har slite med angrepsspelet vårt i det siste, og har scora lite mål. Frå å vere blant det mestscorande laget i eliteserien har det vorte tynnare framover.

- Vi slepp nesten ikkje inn mål

Likevel har laget vorte sterkare bakover, og Rekdal satsar på at keeper Lindegaard slepp å hente ballen ut frå eige nett i kveld.

- Vi slepp nesten ikkje inn mål, så slik vert det vel i kveld også. Eg trur det vert ein veldig tett kamp. For oss er det frykteleg viktig å halde nullen.

På grunn av bortemålsregelen er det veldig viktig for Aalesund å ikkje sleppe inn mål.

- 0 - 0 er ikkje noko drøymeresultat for oss, men det kan vi leve med, for då er det framleis mogleg i Skottland. Men siger utan å sleppe inn mål ville ha vore fantastisk.

Prisar publikum

Kaptein Johan Arneng gler seg til å leie laget i deira første Europa-eventyr. Han håper at dei med publikum i ryggen vil klare å slå Motherwell på heimebane.

- Det vert stort og spesielt å få vere med Aalesund på dette. Forhåpentlegvis kan vi få til eit godt resultat, som betyr at vi har ein god sjanse, for bortekampen kjem til å verte veldig vanskeleg.

Klubben har seld i overkant av 8500 billettar, og alt er duka for eit spennande oppgjer på stadionen i Ålesund.

- Eg håper vi får med oss publikum i ryggen i kveld. Eg håper flest mogleg kjem og støttar oss. Det kan vere ekstremt avgjerande at vi har den følelsen av at alle er med oss når vi går ut på bana, seier kaptein Johan Arneng.

(NRK)
Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet