Hopp til innhold

Mann funnen drukna

Det var den 49 år gamle Leif Båtnes frå Valldal som vart funnen drukna ved eit oppdrettsanlegg i Fjørå i Norddal laurdag ettermiddag.

Leiting etter sakna mann

LEITA: Redningsmannskap leita etter den sakna mannen med helikopter.

Foto: Rune Hustad / NRK

Mannen vart meld sakna i området Fjørå i Norddal på Sunnmøre laurdag ettermiddag.

Politiet fekk melding om saka 14.55.

- For tidleg

Femti minutt seinare var han funnen.

- Eg kan stadfeste at mannen er funnen omkomen, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Mannen var tilsett på eit oppdrettsanlegg, og vart funnen i ei av merdene på anlegget.

Var på sjøen

- Me vart varsla av folk som var på veg ut til anlegget for å besøke mannen, seier Ødegård.

- Vil det seie at de ikkje veit kor lenge han hadde lege i vatnet?

- Me har vel ei viss formeining om tidsperspektivet, men me vil ikkje uttale oss om det førebels.