Fryktar nedlegging

Mjølkeproduksjonen til Tine vert ramma av nedleggingar
Foto: Tor Sivertstøl/NRKTilsette ved Tine- meieriet på Høgset i Gjemnes og i Ålesund kan kome til å miste jobbane sine. Tillitsvalt Hans Erik Øyen ved meieriet på Høgset fryktar for dei tilsette sine arbeidsplassar
Publisert 24.07.2010 08:26. Oppdatert 24.07.2010 09:57.
- Skriv ut
- Det er 40 menneske som har sitt daglege virke på anlegget og i Gjemnes kommune, som i utgangspunktet er ein utkantskommune, så er det klart at det vil få konsekvansar, seier Øyen.
Sju Tine-meieri er allereie vedteke å stenge dei neste åra, og ytterlegar fem meieri går ei usikker framtid i møte.
Det er først og fremst mjølkeproduksjonen som vert ramma, noko som kan bety full nedlegging for meieriet på Høgset. Også meieriet i Ålesund kan misse arbeidsoppgåver. Det betyr at 12-15 arbeidsplassar går tapt.
Stor konkurranse
Visekonsernsjef i Tine SA, Svein Øyom, seier stor konkurranse er årsaka til at meieria kan verte ramma.
- Tine må arbeide kontinuerleg for å sikre at vi er ein konkurransedyktig aktør innanfor dei sentrale områda vi arbeider med. Som ein del av det er det viktig at vi er effektive, rasjonelle og utnyttar industriapparatet vårt så godt som mogleg.
Tillitsvald ved meieriet på Høgset, Hans Erik Øyen, seier han ikkje vert overraska dersom meieriet vert ramma.
- Det kjem no ikkje som noko bombe at anlegget er under vurdering. Det er andre gongen det vert køyrd ein slik prosess, så dette er ei pågåande rasjonalisering som foregår meir eller mindre kontinuerleg.
(NRK)Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- Gutter og jenter møtes hver for seg
- Qvigstad hardt ut mot lekkasjar
- Åpner for å påstå Breivik-straff
- Nesten ingen vil ha Siv
- Lysbakken legger seg flat
- Berlinalen 2012


Februar 3



