Hopp til innhold

Fryktar tinnitus på festival

Hørselshemmedes landsforbund (HLF) er på plass i Molde med eigen informasjonsstand for å unngå at festivalgjengarane får hørselsskadar.

Publikum på Raumarock

GODT EKSEMPEL: Fleire burde gjere som denne vesle guten på Raumarock i 2009.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Moldejazzen er ein av fleire festivalar som vert besøkt denne sommaren.

- Det kan vere vanskeleg å kome i kontakt med dei som verkeleg treng det, seier fylkesleiar Elling Lindset.

LES MEIR: Ung mann med øresus

LES MEIR: Må leve med piiiiiiiip i tre år

Fleire får tinnitus

Det er hektisk aktivitet på festivalplassen ved Romsdalsmuseet på formiddagen før konsertane har starta.

Men er du skikkeleg uheldig kan ein travel festivalsommar gjere at du får med deg noko du ikkje ynskjer.

Her til lands får stadig fleire og yngre tinnitus eller øyresus, derfor har Hørselshemmedes landsforbund stand under Jazzfestivalen.

- Me er her for å selje proppar og hørselvern. Me skal prøve å gjere folk merksame på kor skadeleg høg lyd kan vere, seier Lindset.

- Styr unna høgtalarane

Men ikkje alltid er hørselsvern og proppar nok.

LES MEIR: Skrur opp lyden - selger mer øl

LES MEIR: Sex og sol, tinnitus og alkohol

Lindset ber folk vere bevisste på kvar dei står på konsertane.

- Ein må styre unna høgtalaranlegga. Lyden er altfor høg dersom ein hamnar rett framfor dei.

Står ikkje nær

Halvor Tennøy er ein av dei på Moldejazz som har fått med seg nettopp dette rådet.

Festivalgjengaren er bevisst på kvar han stiller seg når han er på konsert.

- Eg unngår sjølvsagt å stå altfor nær høgtalarane

- Bruker du hørselvern eller proppar?

- Nei, det gjer eg nok ikkje.