Hopp til innhold

Mann stukken med kniv i Molde

Ein mann og ei kvinne er arresterte etter at ein 22-åring vart knivstukken fleire gongar i ryggen i Molde i natt.

Politiemblem
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Politiet fekk fleire telefonar om hendinga klokka 3.47. Det skal ha skjedd på torget i Molde sentrum.

22-åringen vart operert i natt for det sjukehuset kallar alvorlege stikkskader, og skal no vere stabil.

Raskt til staden

- Me kom raskt til staden, men då var gjerningspersonane vekke, fortel operasjonsleiar Tore Hals i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Klokka 4.50 pågreip dei to menn i ei leilegheit i byen.

- Trur dei er dei rette

- Me pågreip dei etter at å ha snakka med vitne til hendinga. Me meiner det er dei rette me har tatt, men dette er jo tidleg i etterforskinga, seier Hals.

Veit du noko om saka? Tips NRK på mr@nrk.no.