Hopp til innhold

Tiltalt for forsøk på mordbrann

Ein 18-åring frå Bergen er tiltalt for forsøk på mordbrann etter at han skal ha tent på eit bustadhus i Giske.

Spor etter brann

SVIDD VEGG: Slik såg veggen ut etter brannstiftinga. No er ein 18-åring tiltalt for ugjerninga.

Foto: Ole H. Hermansen

I følgje tiltalen kunne dei fire bebuarane ha mist livet, om branntilløpet ikkje hadde blitt oppdaga så raskt. For 18-åringen frå Bergen skal ha slått bensin på veggen til eit bustadhus og tent på.

Fire personar sov

Ole Harald Hermansen

KRITISK: Ole Harald Hermansen er kritisk til at politiet har brukt to år på etterforskinga.

Foto: privat

Fire personar var inne i huset og hadde gått til ro for natta, huseigaren, Ole Harald Hermansen er ein av dei.

- Eldsteson min høyrde noko og sto opp. Då han kika ut av vindauget sto flammane oppetter husveggen. Eg har aldri sett 18-åringen før og veit ikkje kvifor han tende på hos oss, seier Hermansen.

Kritisk til politiet

Det er nesten to år sidan epsioden skal ha skjedd på Valderøya i Giske. Først no er det tatt ut tiltale, og rettsaka er sett opp 8. september. Hermansen er svært kritisk til at det har tatt så lang tid.

- Eg har ringt og purra mange gongar til politiet , men ingenting har skjedd, eg syns det er svært dårleg arbeid, seier Hermansen.

- Stor påkjenning

Også forsvararen til 18-åringen, Tarjei Otto Aasen, er kritisk til politiarbeidet.

- Den lange tida har vore ei svært stor påkjenning for klienten min, seier Aasen. Vakthavande jurist hos politiet, Arnt Erik Oust, seier han ikkje kjenner saka, og at han difor ikkje veit kvifor det har tatt så langt tid.

Vitne i saka

Huseigaren skal sjølv vitne i rettsaka i Ålesund, det same skal eldstesonen, som oppdaga brannen. Ifølgje Ole Harald Hermansen var også yngstesonen og svigermora i huset, og brannen klarte dei å sløkke sjølv. Han vil ikkje seie noko om kva han syns er høveleg straff for forsøk på mordbrann, men han håper det ikkje skjer igjen.

- Eg håper han ikkje kjem tilbake, seier Hermansen.

Forsvararen til 18-åringen var ikkje tilgjengeleg for kommentar fredag.